Catrine Telle
Catrine Telle | |||
Fødd | 28. mai 1953 (71 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Verka som | regissør, filmregissør, teatersjef | ||
Far | Hans Telle | ||
Prisar | Trondheim kommunes kulturpris |
Catrine Telle (fødd 28. mai 1953) er ein norsk regissør og teatersjef.
Ho tok artium i 1972 på dramalinja ved Hartvig Nissen Skole i Oslo, med Maja Lise Rønneberg Rygg som lærer i drama, norsk og teaterhistorie. Saman med tidlegare medelevar skipa ho i 1975 Perleporten Teatergruppe, som blei kjend for venstreradikalt politisk teater.[1] I 1976 var ho med på å skipa den lesbiske kunstnargruppa Sfinxa, som mellom anna skreiv Lesbiafonisk nintett saman.[2]
Telle tok regiutdanning i Danmark og blei regissør ved Den Nationale Scene i 1986. Eit av hennar første regioppdrag var uroppsetjinga av I Satans vald av Norvald Tveit, om religiøs fanatisme. Seinare på 1980-talet regisserte ho stykke som Love me tender av Ragnar Hovland og Edel har fest av Per Knutsen.
Ho har samarbeidd med Ivar Tindberg om å skriva Ibsens barn , som blei sett oppp på Trøndelag Teater i 1992, og Postkort fra Lillebjørn, som blei ein publikumssuksess på Oslo Nye Teater i 2012.[3]
Frå 1994 til 2000 var ho fast tilsett som instruktør på Nationaltheatret. Av viktige oppsetninger kan ein nemna Beslutningen av Claire Luckham, Erasmus Montanus av Ludvig Holberg, Stor og smått av Botho Strauss, Stor stue for ingenting .no som var jubileumsforestilling då teateret feira 100 årsjubileum.
Sommaren 2000 tok Catrine Telle over som sjef på Trøndelag Teater etter Ola B. Johannessen, ei stilling ho hadde til januar 2005. Ho blei så tilsett ved Riksteatret. 1. januar 2010 overtok ho stillinga som teatersjef ved Oslo Nye Teater etter Svein Sturla Hungnes.
Catrine Telle har også regissert filmane Ballen i øyet (2000) og TV-filmen Beslutningen (1994).
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Teatrets Venners priser 2004 (Teatrets Venners Ærespris)
- Trondheim kommunes Kulturpris 2004
- Heddaprisen 2004. Årets forestilling for Purpur og gull
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Perleporten Teatergruppe» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ «Om å jobbe med teater i kvinnebevegelsen», arkivert frå originalen 20. desember 2005, henta 25. september 2017
- ↑ Catrine Telle på Sceneweb