Hopp til innhald

Catriona Le May

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Catriona Le May


StatsborgarskapCanada
Fødd23. desember 1970 (55 år)
Saskatoon
Idrettlengdeløp på skeiser
Tok del i Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002
Utmerkingar offiser av Order of Canada, Canada's Sports Hall of Fame, Bobbie Rosenfeld Award

Catriona Ann Le May Doan (fødd 23. desember 1970) er ein kanadisk tidlegare skeiseløpar frå Saskatoon i Saskatchewan. Ho vart verdsmeister i sprint-firkamp 1998 og 2002 og olympisk meister på 500 meter dei same to åra.

Le May tevla internasjonalt frå 1994 til 2003. Ho slo gjennom i 1996 då ho vann ein 500 meter ved sprint-verdsmeisterskapen. Vinteren 1998 sigra ho på suverent vis ved Skeise-VM 1998 i sprint-firkamp. Under dei olympiske leikane i Nagano tre-fire veker seinare vann ho gullmedaljen på 500 meter og bronsemedaljen på 1000 m. Året etter var ho nær ved å forsvare meistertittelen ved sprint-VM, men kom 0,07 sekund for seint i mål på den avsluttande 1000-meteren. Ved verdsmeisterskapen 2001 i sprint enda ho tredjeplassen, etter å ha vunne dei to 500-meterane. OL-sesongen 2002 vart ho verdsmeister i sprint for andre gongen ved meisterskapenHamar. Den 17. februar vann på ny gullmedaljen på 500 meter då Vinter-OL 2002 vart avvikla i Salt Lake City.

22. november 1997 sette Le May i Calgary ny verdsrekord på 500 meter med tida 37,90 sekund. Fem veker etter flytta ho rekorden ned til 37,71, og dagen etter til 37,55. 6. januar 2001 forbetra ho verdsrekorden til 37,40 og den 28. desember same året til 37,22. Alle rekordane vart oppnådd i Calgary. Le May vann gullmedaljen på 500 meter i VM enkeltdistansar åra 1998, 1999 and 2001.

Ho var i eit par tiår gift med Brian Doan.