Cauca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Cauca
Caucaelva, Cauca-elva
elv
Cauca River Canyon - home of the new wren Thryophilus sernai (Cucarachero Paisa) (7241470126).jpg
Frå nedre og nordre del av Cauca-elva, lengst nord i Antioquia-departementet
Land Flag of Colombia.svg Colombia
Nedslagsfelt 63 300 km²
Renn gjennom Cali
Sideelvar Nechí-elva, La Vieja-elva
Lengd Om lag 965 km
Middelvassføring 2 364 /s
Kjelde sør for Buey-lagunen, kommunen Puracé i Cauca-departementet
 - høgd 3 125 moh.
Munning Magdalenaelva
 - høgd 15 moh.
Cauca localizacion.png
Wikimedia Commons: Cauca River

Cauca (spansk: Río Cauca) er ei elv i Colombia som renn frå sør mot nord mellom den vestlege og den sentrale fjellkjeda av Andes. Frå utspringet i det sørvestlege Colombia, nær byen Popayán i Cauca-departementet, flyt ho til i Magdalenaelva nær byen Pinillos i departementet Bolívar, og den samla vassføringa av begge elvene endar opp i Karibhavet. Ho har ei lengd på 965 km til utlaupet i Magdalena, og ei total lengd på 1350 km frå utspringet til munninga i sjøen. Elva er under oppsyn av Corporación Regional del Cauca og Corporación Autonoma Regional del Valle del Cauca, og er farbar for båttrafikk 640 km nordover rekna frå utlaupet i Magdalena.

Cauca er den nest viktigaste elva i Colombia etter Magdalena. I laupet nordover mellom dei to fjellkjedene av Andes, passerer Cauca gjennom meir enn 180 kommunar i departementa Cauca, Valle del Cauca, Risaralda, Caldas, Antioquia, Sucre og Bolívar. Nedslagsfeltet på ca. 63 300 km² er åstaden for ulike produktive aktivitetar som sukkerindustrien, kaffikultur, elkraftproduksjon, gruvedrift og generell landbruksproduksjon. Dei viktigaste sideelvene er Nechí, La Vieja og San Juan.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Den 18. november 2007 rapporterte den colombianske avisa El Tiempo at elva totalt tar imot eit gjennomsnitt på 500 tonn restavfall om dagen. Frå byen Popayán og nordover tar elva imot ureining frå sju gullgruver som òg legg til industriell ureiningar som kvikksølv, avfall frå om lag 8 sanduttak, og dessutan utslipp frå eit par gruver for utvinning av kol og bauxitt. Når ho kjem til kommunen Yumbo rett nedanfor Cali, den største byen ved elva, har vatnet i elva ingen oksygen lenger. I gjenverande farvatn medrekna sideelvar, blir det dagleg deponert omtrentleg 330 tonn restavfall i elva.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Cauca