Cave Cove

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cave Cove
bukt
Måleri av «James Caird» nær Sør-Georgia
Land  Storbritannia
Stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°11′7″S 37°24′26″W / 54.18528°S 37.40722°W / -54.18528; -37.40722
Kart
Cave Cove
54°11′07″S 37°24′26″W / 54.1853°S 37.4072°W / -54.1853; -37.4072
Cave Cove is located in Antarktis
Cave Cove (Antarktis)
Kart over ruta til Sør-Georgia

Cave Cove er ei lita vik på King Haakon Bay i Sør-Georgia, mest kjend som ein del av soga under Endurance-ekspedisjonen til Ernest Shackleton. Det var her livbåten James Caird nådde land den 10. mai 1916 etter ei hard reise frå Elefantøya, og til minne om dette er det reist ein liten plakett på ein stein her.

Medan dei var ved Cave Cove åt mennene albatross. Dei øydela roret på veg inn i Cave Cove, men heldigvis flaut roret seinare inn i vik, slik at dei kunne reparere båten. Frå der drog dei til Peggotty Bluff.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]