Caymanøyane
Flagg | Våpen |
Status | Britisk oversjøisk territorium |
---|---|
Guvernør | Helen Kilpatrick |
Hovudstad | George Town |
Offisielt språk | Engelsk |
Areal - % vatn |
260 km² 1,6 % |
Folketal - totalt |
ca. 45 000 (2005) |
Verdsdel | Sør-Amerika (Karibia) |
Internet-domene | .ky |
Tidssone | UTC -5 |
Internasjonal telefonkode | +1-345 |
Nasjonalsong | God Save The Queen |
Caymanøyane, engelsk Cayman Islands, er ei øygruppe i Karibia som utgjer eit britisk oversjøisk territorium. Øyane ligg om lag 240 km sør for Cuba og 290 km nordvest for Jamaica. Øygruppa består av øyane Grand Cayman, Cayman Brac og Little Cayman. Hovudstaden er George Town.
Første europear på øyane var Christopher Columbus i 1503. Frå 1670 til 1962 var dei ein del av den britiske kolonien Jamaica. Då Jamaica vart sjølvstendig i 1962 vart Caymanøyane skilde ut og gjort til eit britisk oversjøisk territorium. Øyane er no kjende som eit internasjonalt finanssentrum og skatteparadis.