Caymangropa
Utsjånad
| Caymangropa | |||
| djuphavsgrop | |||
![]() Caymangropa 18°30′N 83°00′W / 18.5°N 83°W | |||
Caymangropa er ei djuphavsrenne vest i Det karibiske havet. Ho ligg sør for Caymanøyane og nord for Jamaica og strekkjer seg frå Windwardpassasjen søraust for Cuba og vestover mot Hondurasbukta. Maksimal havdjupne er 7686 meter, den djupaste i Det karibiske havet.[1] Renna ligg i sona der Den karibiske plata og Den nordamerikanske kontinentalplata fjernar seg frå kvarandre.[2]
På 5 kilometers djupne i Caymangropa finst det hydrotermiske skorsteinar. Desse såkalla black smokers er dei djupaste ein har funne.[3][4][5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Cayman Trench | trench, Caribbean Sea». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 9. januar 2019.
- ↑ «Caymangropa» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Carpenter, Jennifer (9. august 2008). «Sub to make deep Caribbean dive». BBC Science News. Henta August 9, 2008.
- ↑ «World's deepest undersea vents discovered». LiveScience.com. 11. april 2010. Henta 12. april 2010.
- ↑ «Latest news». RRS James Cook Voyage 44. Henta 14. januar 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Caymangropa» frå Wikipedia på bokmål, den 5. september 2025.

