Ceccano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ceccano er ein by og ein kommune i provinsen Frosinone i regionen Lazio i Italia. Kommunen har 23  000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 61,1 km². Byen Ceccano ligg 200 meter over havet, 11 km sør for provinshovudstaden Frosinone og 89 km søraust for Roma.

Gamlebyen i Ceccano ligg på ein åstopp ved elva Sacco, mellom fjelltoppane Monti Ernici i nord og Monti Lepini i sør. Dei modernene bydelane er lokalisert til dalen under åstoppen, og på den motsette sida av elvebreidda.

Panorama av Ceccano

Kjelder[endre | endre wikiteksten]