Cecilia Bartoli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Cecilia Bartoli
Cecilia Bartoli at BOZAR 2007.jpg
Fødd4. juni 1966
FødestadRoma
FødenamnCecilia Bartoli
OpphavItalia
Aktiv1987–
SjangerItalian opera
Instrumentvokal
Stemmetypekoloratur-mezzosopran
Verka somsongar, operasongar
Gift medOliver Widmer
PrisarLéonie Sonnings musikkpris, Polar Music Prize, Ordre des Arts et des Lettres, Herbert-von-Karajans musikkpris, Handel Prize

Cecilia Bartoli (fødd 4. juni 1966) er ein italiensk opera- og konsertsongar (koloratur-mezzosopran) som er rekna som den kommersielt mest framgangsrike i vår tid.[1]

Stemma hennes har ein mørk, fyldig klangfarge og ho er allsidig nok til å kunna spille både sopran- og mezzoroller; iblant vert rekna ho som ein sopran med ein låg tessitura. Sceneopptredane hennar er karakterisert av ein temperamentsfull og naturleg utstråling.

Det har lukkast Cecilia Bartoli å trekkja gløymde komponistar fram i lyset og gjera ukjende operaer levande for publikum. Ho har eit stort repertoar som blant anna omfattar verk av Wolfgang Amadeus Mozart, Gioacchino Rossini, Gluck, Vivaldi, Paisiello, Bellini, Donizetti og Salieri såvel som gløymde operaer av Haydn, Händel, Halévy og mange andre.

Oppvekst og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Bartoli blei fødd i Roma. Begge foreldra hennar − Angelo Bartoli og Silvana Bazzoni − var operasongarar. Av omsyn til borna gav mora opp ein lovande solokarriere som sopran, men heldt fram i Romas operakor.

Mora forstod tidleg at Cecilia hadde eit uvanleg talent og freista å få henne til å satsa på songen. Første gongen Bartoli stod på ei operascene var som åtteåring, då ho opptredde som gjetargutt i Tosca.[2] I barneåra ville Cecilia likevel heller bli turistguide eller flamencodansar. Då dottera var seksten år gammal lyktast den mora å overtala ho til å læra song av henne. Silvana Bazzoni blei verande den einaste songlæraren hennar, også Cecilia studerte ved Conservatorio di Santa Cecilia i Roma, som ho byrja ved då ho var sytten år gammal.[3]

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Nitten år gammal deltok Bartoli i eit talentshow på italiensk tv.[4] Sjølv om ho blei nummer to, vekte ho stor merksemd.

Til skilnad frå dei fleste operasongarar var Bartoli kjend allereie i tjueåra, noko som er uvanleg i eit yrke der ein ikkje modnar før i trettiåra. Ho hadde operadebuten sin som profesjonell i 1987 på Arena di Verona. Året etter fekk ho ei rolle som Rosina i Barbereren i Sevilla av Rossini ved operaen i Köln, ved Schwetzinger Festspiele og ved operaen i Zürich til begeistra kritikk.[3] Snart inviterte Herbert von Karajan ho til å synga ved Festspela i Salzburg, og ho arbeidde med Karajan i Bach si Messe i h-moll. På denne tida fekk ho òg merksemd frå Daniel Barenboim då han såg henne opptre ved fransk fjernsyn si minnetilstelling for Maria Callas. I samarbeid med Barenboim og Nikolaus Harnoncourt konsentrerte Bartoli seg no om mozartroller som Zerlina i Don Giovanni og Dorabella i Così fan tutte; deretter utvikla det internasjonale ryet hennar seg raskt.

I 1990 debuterte ho ved Opéra Bastille, som Cherubino i Le nozze di Figaro av Mozart og ved Hamburgische Staatsoper som Idamantes i Idomeneo av same komponist. Året etter opptredde ho ved La Scala som Isolier i Le comte Ory, ei rolle som styrka ryet hennar som ein dei leiande rossinisongarane i verda.[3]

Ho debuterte ved Metropolitan Opera i 1991, som Despina i Così fan tutte og song året etter og på same stad tittelrollen i La Cenerentola av Rossini.

Nyare karriere[endre | endre wikiteksten]

Nyare roller av Bartoli er mellom anna Fiorilla i Il turco in Italia av Rossini ved Covent Garden, Cleopatra i Giulio Cesare av Händel under Marc Minkowski, Semele under William Christie i Zürich og Clari i Halévy sin opera av same namn under Adam Fischer i Zürich. 2007/08 arbeidde Cecilia Bartoli med eit prosjekt om den første internasjonale operastjerna, mezzosopranen Maria Malibran (1808-1836).[5] I 2009 tok ho for seg prosjektet Sacrificium som hadde historia og lidingane til katstratsongarane som tema, og spelte inn ariar som var skrivne for kastratar.[6] I juni 2010 song ho for første gong tittelpartiet i Norma av Bellini konsertant, med dirigenten Thomas Hengelbrock i Konzerthaus Dortmund.

Frå 2012 blei ho leiar for Salzburger Pfingstfestspiele.[7]

Som utøvande kunstnar[endre | endre wikiteksten]

Cecilia Bartoli etter ei framføring av La Cenerentola i Salle Pleyel, Paris, 2008
Foto: Andreas Praefcke

Cecilia Bartoli snakkar engelsk, fransk, spansk og tysk, men syng helst på morsmålet italiensk, sidan språkkjensla er sikrast då. Om seg sjølv seier ho at ho alltid streber etter å vidareutvikla seg, utvida repertoaret og sjå det frå nye perspektiv. Det er viktig for henne å finna fram til røtene og finna noko nytt å oppdaga.

Cecilia Bartoli har oppdaga mange originalpartitur av gløymde komponistar og operaer, og fastslått at diverse ariar gjennom tidene er blitt tilpassa preferansane til songarar – og syng dei deretter slik originalpartituret føreset (eit døme er Norma). Vidare bryr ho seg om autentisitet ved å arbeida med orkester som spelar historiske instrument, som Concentus Musicus Wien, Il Giardino Armonico, Orchestra La Scintilla og andre.[8][1] Dette passar òg stemma hennar, som kritikarar har kalla «liten» – sidan orkestera i tidlege epokar hadde færre instrument enn det som er vanleg i dag.

Bartoli sin koloraturteknikk vart til å byrja med kritisert for å vera for luftig, men etterkvart har ho opparbeidd eit tempo og ein nærleik som ingen annan, og ho er i stand til å veksla mellom høge og låge parti utan å mista klang og kjernen i stemma.

Cecilia Bartoli syng regelmessig ved dei største konsertsalane og operahusa. Den noverande stamscena er Opernhaus Zürich.

Prisar og utmerkingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • 2012 - Herbert-von-Karajans musikkpris
  • 2010 – Léonie Sonnings musikkpris
  • 2010 – Byen Halles Händel-Preis

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Cecilia Bartoli på deccaclassics.com
  2. Wroe, Nicholas (13 October 2001). «The Guardian profile: Cecilia Bartoli – Classic case of success». The Guardian. Henta 29 December 2013. Bartoli is not only selling more CDs than ever before, she is doing so with a repertoire that would have been thought arcane even at the height of the classical boom 
  3. 3,0 3,1 3,2 Blyth, Grove Music Online
  4. Cecilia Bartoli, All Media Guide, 2007
  5. Günter Gerard: „In Hamburg zu Gast: Legendäre Arien und Balladen. Cecilia Bartoli ist La Malibran“, Hamburger Abendblatt, 30. oktober 2007.
  6. Cecilia Bartoli singt Kastratenarien
  7. Salzburger Pfingstfestspiele: Cecilia Bartoli neue Leiterin ab 2012[daud lenkje] auf br-online.de, hentet 15. januar 2011
  8. Cecilia Bartoli - Biografie, KlassikAkzente.de, 9/2008