Hopp til innhald

Cecilie Løveid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cecilie Løveid

Cecilie Løveid i 2011
Foto: Bjørn Erik Pedersen
StatsborgarskapNoreg
Fødd21. august 1951 (74 år)
Mysen
Yrkelyrikar, skribent, librettist, barnebokforfattar, skodespelforfattar
PrisarDoblougprisen, Amalie Skram-prisen, Aschehougprisen, Gyldendalprisen, Gyldendals legat, Sarpsborgprisen

Cecilie Løveid (fødd 21. august 1951) i Eidsberg er ein norsk forfattar av dikt, dramatikk og prosa. Ho har gått på Kunst- og håndverkskolen, og har dessutan studert teatervitskap. Løveid blir rekna som ein av dei fremste norske dramatikarane frå 1980- og 1990-talet. Dei fleste av skodespela hennar er omsette og oppførte utanlands.

Løveid debuterte i 1972 med romanen Most. Ho merka seg ut som ein original og eksperimenterande, med ein sjangeroverskridande prosalyrikk som særleg er tydeleg til i Sug (1979). Seinare skreiv ho dramatikk innan mange ulike sjangerar, som høyrespel, sceneteater og visual performance.[1]

Ho skreiv librettoen til operaen To i dusjen, som blei oppført ved Festspela i Bergen i 1984. I 1991 var ho festspeldiktar ved dei same festspela.[1]

Eit av Løveid sine hovudverk er tre tematisk sambundne historiske skodespel - Barock Friise (1993), Maria Q (1994) og Rhindøtrene (1996), der Løveid ser den moderne kvinnerolla i historisk lys. Skodspelet Østerrike (1998) er ein dialog mellom Ibsen-figuren Brand og livet og tankane til Ludwig Wittgenstein. Kammerspelet Visning (2005, scenisk urpremiere ved Nationaltheatret i 2014) er bygd opp rundt vising av eit hus som er til sals.[1]

  • Tingene, tingene skodespel (1976)
  • Mannen som ville ha alt høyrespel (1977)
  • Hvide Lam og Lille Tigerinde høyrespel (1980)
  • Du, bli her! høyrespel (1980)
  • Kan du elske? fjernsynsteater (1982)
  • Måkespisere skodespel (1983)
  • Vinteren rivnar skodespel (1983)
  • Sug performance (1983)
  • Lydia høyrespel (1984)
  • Dusj opera (1984)
  • Titanic - skipet som ikke kunne synke performance (1985)
  • Vift høyrespel (1985)
  • Madame Butterfly on the Beach skodespel (1985)
  • Fornuftige dyr skodespel (1986)
  • Sete Sange performance (1986)
  • Fødsel er musikk høyrespel (1988)
  • Dobbel Nytelse skodespel (1988)
  • Reise med båt uten båt musikkdrama (1989)
  • Da-Ba-Da danseforestilling (1990)
  • Badehuset performance (1990)
  • Tiden mellom tidene eller Paradisprosjektet skodespel (1991)
  • Barock Friise eller Kjærligheten er en større labyrint skodespel (1993)
  • Konsekvens danseforestilling (1993)
  • Maria Q skodespel (1994)
  • Rhindøtrene skodespel (1996)
  • Østerrike skodespel (1998)
  • Sapfokjolen, eller Det hvite smykket som opphever mørket høyrespel (1998)
  • Kattejomfruen skodespel (2001)
  • Most roman (1972)
  • Tenk om isen skulle komme roman (1974)
  • Alltid skyer over Askøy tekstar (1976)
  • Mørkets muligheter (1976)
  • Fanget villrose (1977)
  • Sug roman (1979)
  • Badehuset tekst og foto (1990) (saman med Lisbeth Bodd og Asle Nilsen)
  • Mykt glass dikt (1999)
  • Spilt. Nye dikt dikt (2001)
  • Gartnerløs dikt (2007)
  • Nye ritualer dikt (2008)
  • Svartere bunader dikt (2010)
  • Flytterester dikt (2012)
  • Dikt 2001-2013 (samleutgåve) (2013)

Barnebøker

[endre | endre wikiteksten]
  • Lille Pille og Lille Fille i Den Dype Skogs Teater barnebok (1990, illustrert av Hilde Kramer)
  • Hund får besøk barnebok (1993, illustrert av Marek Woloszyn)
  • Den dype skogs teater barnebok (1998, illustrert av Hilde Kramer)
  • Den dype skogs ballett barnebok (1998, illustrert av Hilde Kramer)
  • Den riktige vind : skuespill for barn skodespel (1999)
  • Fars ansikt barnebok (2000, illustrert av Akin Düzakin)

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 3 «Cecilie Løveid», Store norske leksikon, 4. januar 2016
  2. 1 2 «Vinnere av Ibsenprisen fra 1986 til 2016». Ibsen Award. Henta 7. september 2017.
  3. «Den nasjonale Ibsenprisen til Tore Vagn Lid og Cecilie Løveid». Kunsthøgskolen i Oslo. 25. mars 2017. Henta 7. september 2017.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]