Hopp til innhald

Cecilie Redisch Kvamme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cecilie Redisch Kvamme
Personleg informasjon
Fødd 11. september 1995
Fødestad Noreg, Bergen
Posisjon Forsvarsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Brann
Nummer 2
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2010–2012 Tertnes 0
2012–2018 Arna-Bjørnar 136 (12)
2019 Sandviken 9 (0)
2019–2021 West Ham 32 (0)
2021– Brann 57 (6)
Landslag
2012 Noreg J17 4 (1)
2013–2014 Noreg J19 11 (1)
2014–2018 Noreg U23 18 (0)
2019– Noreg 5 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. november 2024
‡ Landslagsmål oppdatert 1. januar 2023

Cecilie Redisch Kvamme (fødd 11. september 1995) er ein norsk fotballspelar som spelar for Brann.

Klubbkarriere

[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha spelt for seniorlaget til Tertnes Idrettslag i 3. og 4. divisjon, gjekk Redisch Kvamme til Arna-Bjørnar i 2012. Ho debuterte i Toppserien i april 2012.[1] Etter sju sesongar i Arna-Bjørnar, gjekk ho til byrival Sandviken før 2019-sesongen.[2]

I august 2019 signerte Redisch Kvamme for West Ham i engelske Women's Super League.[3] Ho spelte i to sesongar for klubben, før ho returnerte til Sandviken i mai 2021.[4]

Landslagskarriere

[endre | endre wikiteksten]

Redisch Kvamme har landskampar for J17, J19, U23 og det norske A-landslaget. Ho var i den norske troppen til VM i Frankrike 2019.[5]

  1. ↑ Fotballforbund, Norges. «Cecilie Redisch Kvamme - Profil». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 28. februar 2022.
  2. ↑ Johnsen, Jonas (20. desember 2018). «(+) Sandviken henter halve Arna-Bjørnar». Bergensavisen (på norsk). Henta 28. februar 2022.
  3. ↑ «West Ham sign Norwegian international Cecilie Kvamme | West Ham United». www.whufc.com (på engelsk). Henta 28. februar 2022.
  4. ↑ AS, TV 2 (18. mai 2021). «Norsk utenlandsproff vender hjem». TV 2 (på norsk). Henta 28. februar 2022.{{cite web}}: CS1 maint: numeric names: authors list (link)
  5. ↑ Fotballforbund, Norges. «Her er Norges VM-tropp». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 28. februar 2022.