Hopp til innhald

Cecilie Steinmann Neess

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cecilie Steinmann Neess
Fødd4. september 1987 (39 år)
FødestadOslo
Verka somstandupkomikar

Cecilie Steinmann Neess, òg kjend som «Cess», (fødd 4. september 1987) er ein norsk komikar frå Oslo.

Ho starta som stand-up-komikar i 2008 og var fast skodespelar og deltakar i TV 2-serien Kollektivet frå 2011 til 2012 og NRK-serien Løvebakken i same periode.[1] Ho vart nominert til «årets gjennombrot» under Komiprisen 2012.[2] Vinteren 2013/2014 spelte ho saman med Hege Schøyen og Linn Skåber i førestillinga Latter på Latterhumorteateret Latter i Oslo.[3] Saman med Jakob Schøyen Andersen leidde ho utdelinga av Gullruten 2015.[4] Ho returnerte òg som fast inventar i TV 2-serien Kollektivet i dei to siste sesongane til serien i 2015.

Våren 2016 spelte ho hovudrolla i humormusikalen Märtha The Musical på Latter i Oslo, saman med Jakob Schøyen Andersen, Espen Beranek Holm og Olli Wermskog.[5]

Saman med Benjamin Giørtz gav Cecilie ut songen Drømmemann i 2018.[6] I songen syng Neess om korleis hennar drømmemann er. Giørtz svarar med frasar som «Jeg ser deg og dine behov, jeg gjør alt jeg kan for å være din drømmemann».[7] Etter innspelinga av songen vart Giørtz og Neess kjærastar.[8]

I 2019 var Neess aktuell med showet Tre elefanter i rommet saman med Linn Skåber og Hege Schøyen.[9]

Cecilie Steinmann Neess er barnebarn til holocaust-overlevaren Samuel Steinmann.[10]

TV-opptredenar

[endre | endre wikiteksten]
  • 2011-2012: Kollektivet
  • 2015: Gullruten 2015
  • 2015: Kollektivet
  • 2017: Klovn til kaffen
  • 2020: Lystløgner
  • 2021: Raya og den siste dragen (stemme, rolla Sisu)
  1. Portrett fra Dagsavisen: «Klovnen fra Hauketo»
  2. Hansen, Magne (2012-08-25). «Disse er årets morsomste» (på norsk bokmål). Henta 2021-11-03.
  3. «Cecilie Steinmann Neess - standupkomiker» (på norsk bokmål). Henta 2021-11-03.
  4. «MinMote.no - Norges største moteside». Henta 2015-10-01.
  5. Levin, Mona (29. januar 2016). «Märtha, the Musical: Farlig nær karakterdrap». Aftenposten. Henta 2016-10-02.
  6. «Drømmemann» (på norsk bokmål). Henta 2021-11-03.
  7. «Cess, Benjamin (Ft. Benjamin & Cess) – Drømmemann». Henta 2021-11-03. {{cite journal}}: Cite journal requires |journal= (hjelp)
  8. Solberg, Julie (2019-01-20). «- Føles fremdeles veldig rart å være kjærestejente» (på norsk). Henta 2021-11-03.
  9. AS, TV 2 (2019-03-02). «- Jeg snudde meg og tenkte «der sitter du jo! Mannen i mitt liv!»» (på norsk). Henta 2021-11-03.{{cite web}}: CS1 maint: numeric names: authors list (link)
  10. VG: Her er barnebarnets minneord over Samuel Steinmann, 2. mai 2015.