Cecilie Thoresen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cecilie Thoresen

Fødd7. mars 1858
Eidsvoll kommune
Død13. november 1911 (53 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, kvinnesaksforkjemper
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Københavns Universitet
FarNils Windfeldt Thoresen
EktefelleFredrik Arentz Krog
BarnHelge Krog
MedlemNorsk Kvinnesaksforening

Ida Cecilie Thoresen Krog (7. mars 185813. november 1911) var ein norsk kvinnesaksforkjempar, Venstre-politikar og den første kvinnelege studenten i Noreg.[1] Ho var blant dei sentrale stiftarane av Diskusjonsklubben Skuld i 1883 og det etterfølgjande Norsk Kvinnesaksforening året etter, og av Norske Kvinners Sanitetsforening i 1896.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Thoresen var fødd og voks opp i Eidsvoll som dotter av distriktslegen Nils Windfeldt Thoresen (1822–1907) og Marie Johanne Benneche (1827–99).[2] Familien hadde eit stort gardsbruk, Marienlyst. Mora las mykje og var språkmektig. Faren kom frå Telemark og introduserte skisport til Eidsvoll, noko også Cecilie dreiv med.[2]

Student[endre | endre wikiteksten]

Immatrikuleringa av Cecilie Thoresen som den første kvinnelege studenten ved Det Kongelige Frederiks Universitet 8. september 1882

Etter å ha gått på Nissens Pikeskole fram til 1879 ønskte Thoresen å ta examen artium, som på denne tida måtte avleggjast ved universitetet, der kvinner ikkje hadde tilgjenge. Med støtte frå faren søkte ho Kyrkjedepartementet om tilgjenge, men fekk avslag. Deretter kontakta ho sjølv kyrkjeministeren, som bad universitetskollegiet om deira syn. Dette var negativt.[2] Endeleg allierte ho seg med venstrepolitikaren Hagbard E. Berner, som fremja eit privat lovforslag ved Stortinget. Dette blei vedteke 30. mars 1882, og same året tok ho artium med laud og blei immatrikulert ved Det Kongelege Frederiks Universitet. Thoresen var då blitt 24 år gammal. Ho studerte òg ved Københavns Universitet. Etter å ha gifta seg i 1887 gav ho seg med studia.

Politikk og kvinnesak[endre | endre wikiteksten]

Thorsen gifta ho seg med juristen Fredrik Arentz Krog (1844–1923), som var bror til kvinnesakspionéren Gina Krog. I løpet av tre år fekk dei tre born, ei jente og to gutar. Ein av dei var forfattaren Helge Krog (1889–1962).[2]

Cecilie Thoresen var i likskap med svigerinna Gina Krog ein tidleg medlem av partiet Venstre og var engasjert i fleire liberale politiske saker, ikkje minst i kvinnesaka. Det liberale grunnsynet hennar prega òg engasjementet i kvinnerørsla.[3]

I 1883 var ho med på å stifta diskusjonsklubben Skuld, som var forløparen til Norsk Kvinnesaksforening, og var den første «præsidentinde» i Skuld. Ved etableringa av Norsk Kvinnesaksforening i 1884 var ho blant stiftarane. Ho var medlem av det første styret, og var seinare nestleiar i organisasjonen.[3]

Ho var òg med på å stifta Kvindestemmeretsforeningen i 1885, og var medlem av det første styret i Norske Kvinners Sanitetsforening, som blei stifta i 1896.[4]

Ho har gjeve namn til Cecilie Thoresens vei i Oslo og Cecilie Thoresens vei i Trondheim.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjersti Busterud: Aftenpostens historieblad nr. 3 2016
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Moksnes, Aslaug (28. september 2014). «Cecilie Thoresen Krog». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 
  3. 3,0 3,1 Cecilie Thoresen, Norsk Kvinnesaksforening
  4. Stemmerett.no