Celebesmakak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Celebesmakak
Celebesmakak
Celebesmakak
Utbreiing og status
Status i verda: CR Kritisk trugaUtbreiinga av Celebesmakak
Utbreiinga av Celebesmakak
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Primatar Primates
Familie: Dyreapar Cercopithecidae
Slekt: Makakar Macaca
Art: Celebesmakak M. nigra
Vitskapleg namn
Macaca nigra

Celebesmakak (Macaca nigra) er ein dyreape av makakslekta som lever på Sulawesi i Søraust-Asia. Arten er rekna som kritisk truga grunna jakt og habitattap.

Sitjande celebesmakak.

Celebesmakaken har heilsvart pels og svært kort hale. Ein hårkam går frå pannen og midtlangs hovudet mot ryggen. Denne ligg vanlegvis flatt, men reiser seg når makaken blir opphissa. Apane blir som regel opptil 52-57 cm høge og veg ca 10 kg.

Celebesmakakar dannar store flokkar på over 100 individ av begge kjønn. Makaken er likevel som regel ein lite iaugefallande, stille fruktetar som lever i skogsområde.

Arten er utbreidd nord på Sulawesi og på nokre mindre nærliggjande øyar. Han har namn etter Sulawesi, som tidlegare blei kalla Celebes.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Celebesmakak