Celeste Holm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Celeste Holm
Celeste Holm in All About Eve trailer.jpg
I filmen Alt om Eva frå 1950.
Fødd 29. april 1917, USA New York i delstaten New York
Død 15. juli 2012 (95 år)[1]
Ektefelle Ralph Nelson (1938–1939)
Francis Davies (1940–1942)
A. Schuyler Dunning (1946–1952)
Wesley Addy (1961–1996)
Frank Basile (2004–)
Far Theodor Holm

Celeste Holm (fødd 29. april 1917 i New York i delstaten New York, død 15. juli 2012) var ein amerikansk skodespelar med norske røter.

Holm var einebarn. Mor hennar, Jean Parke, var ein amerikanske portrettmålar og forfattar. Faren var Theodor Holm, ein forsikringsmann som voks opp på Hå gamle prestegardJæren, men som i ung alder emigrerte til USA og seinare utførte arbeid for Lloyd's of London. Holm gjekk på skule i Nederland, Frankrike og USA, og tok song- og ballettimar som barn. Ho studerte drama ved University of Chicago og debuterte på scena som 17-åring. Holm debuterte på Broadway i 1938 og hadde stor suksess i 1942 med rolla som Ado Annie i musikalen Oklahoma!. Ho debuterte på film i 1946, og året etter vann ho Oscar for beste kvinnelege birolle for rolla si som Anne i filmen Mellom gentlemenn. Holm har vorte Oscar-nominert tre gonger og har også opptredd på TV, scene og nattklubbar. Ho engasjerte seg for sosial rettferd i mange år som talskvinne for UNICEF.

Holm har fått to stjerner på Hollywood Walk of Fame. I 1979 vart ho utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for å ha fremja norsk kultur i USA.[2]

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Celeste Holm var gift fem gonger. Den første ektemannen hennar var Ralph Nelson, som ho gifta seg med i 1936.[3] Sonen deira Ted Nelson (f. 1937), blei oppseda av foreldra hennar og blei seinare ein internettpironer og sosiolog. Ekeskapet enda i 1939.[4]

7. januar 1940 gifta Holm seg med Francis Emerson Harding Davies, ein engelsk revisor. Davies var katolikk, og Holm gjekk over til trua før giftarmålet. Ekteskapet blei oppløyst 8. mai 1945.[5]

Frå 1946 til 1952 var Holm gift med A. Schuyler Dunning som dreiv med flyselskap-PR. Dei fekk sonen Daniel Dunning.[6]

Frå 1961 til 1996 var ho gift med skodespelaren Wesley Addy. Han døydde i 1996, 83 år gammal.

Celeste Holm gifta seg for femte gong på 87-årsdagen sin med den 41-årige operasongaren Frank Basile.[7] Paret hadde møtt kvarandre i oktober 1999 på ei velgjerartilstelling.

Filmar[endre | endre wikiteksten]

(Utval)

  • 1947 – Mellom gentlemenn
  • 1950 – Alt om Eva
  • 1956 – Fint folk flørter

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Celeste Holm