Pave Celestin III

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Celestin III)
Pave Celestin III

Caelestinus III
DåpsnamnGiacinto Bobone
Fødd1106
Roma
Død8. januar 1198
Roma
Vald30. mars 1191
Innsett13. april 1191
Føregangar:Klemens III
Etterfylgjar:Innocens III

Pave Celestin III (11068. januar 1198) var pave frå mars/april 1191 til han døydde.

Celestin III var fødd inn i orsinifamilien, ein av de viktigaste italienske adelsfamiliane, som Giacinto Bobone. Den 30. mars 1191 blei han vald til pave, trass i at han berre var diakon. Han blei prestevigd den 30. mars 1191 og truleg bispevigd same dagen.

Pave Celestin kronar Henrik til keisar. Illustrasjon frå Liber ad honorem Augusti frå 1196.

Dagen etter at han blei vald ril pave krona Celestin III den tysk-romerske keisaren Henrik VI. Seinare ekskommuniserte han den same keisaren for å halda Rikard Løvehjarte i fangenskap.

I 1192 bekrefta han statuttane til Den tyske ordenen.

Mot slutten ønskte Celestein å abdisere, men kardinalane aksepterte ikkje ønsket, og han blei verande pave til han døydde.

Pave Celestin døyde 8. januar 1198, ca. 92 år gammel. Han blei gravlagd i Laterankyrkja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]