Celestmekanikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Celestmekanikk, himmelmekanikk eller astrodynamikk er den delen av astronomien som handsamar rørsla til himmellekamane i verdsrommet under gjensidig gravitasjonspåverknad. Celestmekanikk vert rekna som ei klassisk vitskapsgrein, som mellom anna Isaac Newton, Johannes Kepler og Joseph Louis Lagrange bidrog til. Det er blitt sterkt aktualisert i samband med romfart (astronautikk) som føreset nøyaktige baneutrekningar av romfartøy, satellittar og romsondar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]