Hopp til innhald

Celin Bizet Dønnum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Celin Bizet Dønnum
Personleg informasjon
Fullt namn Celin Bizet Ildhusøy
Fødd 24. oktober 2001
Fødestad Frogner i Lillestrøm
Posisjon Angrep
Klubbinformasjon
Noverande lag
Manchester United
Nummer 15
Ungdomsklubbar
0 Frogner
Skedsmo
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2016 Skedsmo 9 (7)
2017–2022 Vålerenga 69 (8)
2019 → Grei (lån) 3 (2)
2021–2022 Paris Saint-Germain 6 (0)
2022-2024 Tottenham Hotspur 42 (6)
2024- Manchester United 42 (6)
Landslag
2017 Noreg J16 9 (6)
2018 Noreg J17 7 (1)
2018–2020 Noreg J19 24 (14)
2021– Noreg U23 2 (2)
2021– Noreg 28 (7)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 1. juli 2022
‡ Landslagsmål oppdatert 8. november 2022

Celin Bizet Dønnum (fødd 24. oktober 2001) er ein norsk fotballspelar frå Frogner i Viken, som spelar for Manchester United og det norske landslaget.

Klubbkarriere

[endre | endre wikiteksten]

Tidleg karriere

[endre | endre wikiteksten]

Dønnum byrja å spele fotball for Frogner Idrettslag, før ho som 14-åring melde overgang til Skedsmo.[1] Ho spela aldersbestemte kampar i klubben, i tillegg til ni kampar for A-laget i 2. divisjon under 2016-sesongen.[2]

Vålerenga (2017–2021)

[endre | endre wikiteksten]

Før 2017-sesongen signerte Dønnum for Vålerenga Kvinner. Berre 15 år gammal debuterte ho for Vålerenga i Toppserien.[3] Ho vart raskt ein favoritt blant supportarane med sin leikande spelestil og teknikk.[4] Ho var berre 16 år gammal da ho var på banen i sin fyrste cupfinale for Vålerenga mot Avaldsnes i 2017.[5]

Sommaren 2019 var Dønnum på eit kort låneopphald i Grei i 1. divisjon,[6] før ho returnerte til Vålerenga.

I 2020 var Dønnum med å vinne det fyrste serie- og cupgullet til Vålerenga. Ho vart nominert til årets gjennombrot i Toppserien same sesong.[7] Blant supportarane til Vålerenga fekk ho kallenamnet «Cubafoten».[3] Etter fire og eit halvt år i Vålerenga var ho sommaren 2021 klår for å ta det neste steget i karrieren.

Paris Saint-Germain (2021–2022)

[endre | endre wikiteksten]

I juli 2021 signerte Bizet Dønnum for den regjerande franske seriemeisteren Paris Saint-Germain.[8] Ho fekk lite speletid i sin fyrste sesong med berre seks seriekampar for Paris Saint-Germain.

Tottenham Hotspur (2022–2024)

[endre | endre wikiteksten]

I august 2022 vart det kjent at Bizet Dønnum hadde signert for Tottenham Hotspur i engelske Women's Super League.[9]

Manchester United (2024–)

[endre | endre wikiteksten]

I september 2024 signerte Bizet Dønnum for Manchester United.[10][11]

Landslagskarriere

[endre | endre wikiteksten]

Bizet Dønnum har kampar for J16, J17, J19, U23 og det norske A-landslaget.

Bizet Dønnum spela i U19 EM i Skottland 2019.[12]

Bizet Dønnum debuterte for det norske A-landslaget i november 2021 mot Armenia, i same kamp scora ho sitt fyrste A-landslagsmål.[13] Ho hadde eit imponerqnde målsnitt på landslaget med fire scoringar, i løpet av 322 minutter fordelt på sine fem fyrste landskampar.[14] Ho vart teken ut i den norske landslagstroppen til EM i England 2022.[15]

Med Vålerenga

[endre | endre wikiteksten]

Bizet Dønnum har cubansk mor og faren hennar er tidlegare Molde-spelar Kjell Gunnar Ildhusøy.[16]

Bizet Dønnum er saman med fotballspelaren Aron Dønnum, og under ein fotballkamp fridde Dønnum til Ildhusøy. Ho sa ja, og paret vart trulova.[17] I juni 2025 gifta paret seg i Varenna i Italia.[18][19] Ho endra etternamnet sitt til Bizet Dønnum.[20]

  1. ↑ Borgersrud, Aslak (1. august 2020). «– Jeg måtte bare meie hu ned på slutten». Dagsavisen. Henta 19. september 2020.
  2. ↑ «Celin Bizet Ildhusøy – Kampstatistikk». Norges Fotballforbund. Henta 19. september 2020.
  3. 1 2 Bjørneseth, Espen (28. april 2020). «"Cubafoten", ribs og Shakira». Vålerenga Damefotball (på bokmål). Henta 23. februar 2022.
  4. ↑ Brodahl, Viljam (21. mai 2021). «(+) Celin (19) om det store idolet: – Var annerledes enn alle de andre». Avisa Oslo (på norsk). Henta 23. februar 2022.
  5. ↑ Fotballforbund, Norges. «Avaldsnes - Vålerenga - 18.11.2017 16.00». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 23. februar 2022.
  6. ↑ Dalsegg, Jens August (12. juni 2019). «Ildhusøy og Fløtre i scoringsform for Grei». Vålerenga Damefotball (på bokmål). Henta 23. februar 2022.
  7. ↑ «Toppseriens prisdryss 2020: De nominerte til årets gjennombrudd». Toppserien (på bokmål). 27. november 2020. Henta 23. februar 2022.
  8. ↑ Hagen, Mathias (16. juli 2021). «Bizet Ildhusøy klar for Paris Saint-Germain». NRK. Henta 23. februar 2022.
  9. ↑ «Celin Bizet Ildhusøy arrives from PSG». Tottenham Hotspur (på engelsk). Henta 10. august 2022.
  10. ↑ «United Women sign Bizet». www.manutd.com (på engelsk). Henta 4. september 2024.
  11. ↑ «Celin Bizet Ildhusøy klar for Manchester United». VG. 24. september 2024. Henta 1. juli 2025.
  12. ↑ Dalsegg, Jens August (18. juni 2019). «Ildhusøy til EM!». Vålerenga Damefotball (på bokmål). Henta 23. februar 2022.
  13. ↑ Fotballforbund, Norges. «Armenia - Norge - 30.11.2021 14.00». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 23. februar 2022.
  14. ↑ Murtnes, Sindre (11. april 2022). «Sleit i storklubb – så overraska kometen «alle»». NRK. Henta 8. juni 2022.
  15. ↑ Fotballforbund, Norges. «Se Norges EM-tropp». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 8. juni 2022.
  16. ↑ Baardsen, Joachim (31. juli 2018). «VIF-Celin (18) vil bli verdens beste». VG. Henta 19. september 2020.
  17. ↑ Baardsen, Joachim (31. juli 2018). «Fyrverkerikaos stoppet fotballkamp – så fridde Aron Dønnum på banen». NRK. Henta 8. november 2022.
  18. ↑ «Giftet seg – nå har Norge-profilen byttet navn». NRK. 23. juni 2025. Henta 1. juli 2025.
  19. ↑ «Stjerneparet giftet seg i Italia». TV2. 23. juni 2025. Henta 1. juli 2025.
  20. ↑ «Avslører: – Masse tårer i øynene». TV2. 23. juni 2025. Henta 1. juli 2025.