Celina Seghi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Celina Seghi
Fødd 6. mars 1920
Abetone
Yrke alpinist

Celina Seghi (fødd 6. mars 1920) er ein italiensk tidlegare alpin skirennar frå Abetone i provinsen Pistoia. På 1940- og 1950-talet var ho den dominerande kvinnelege alpinisten i Italia. Mellom 1937 og 1954 vann ho 25 italienske meistertitlar, fordelt på alle dei fire alpine greinene.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Seghi var mellom favorittane under dei olympiske leikane 1948 i St. Moritz. Ho var nær å ta medalje i både utfor og kombinasjon, men enda opp på fjerdeplass i begge øvingane. I yndlingsgreina slalåm vart ho berre nummer 14.

Ved VM i alpine greiner 1950 i Aspen i delstaten Colorado låg ho på andreplass etter fyrste slalåm-omgangen, men måtte eitt steg ned i andre omgang og fekk dermed bronsemedaljen. Ho vart nummer 12 i storslalåm.

I 1952 deltok Seghi i Vinter-OL i Oslo og måtte som i 1948 nøye seg med ein fjerdeplass, denne gongen i slalåm. I storslalåm-tevlinga på Norefjell vart ho nummer sju. Ved den alpine verdsmeisterskapen 1954 i svenske Åre vart ho nummer ni slalåmrennet.

Ho la opp i 1956, 35 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Celina Seghi – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.