Céline Dion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Celine Dion)
Hopp til navigering Hopp til søk
Céline Dion
Celine Dion Concert Singing Taking Chances 2008.jpg
Fødd30. mars 1968 (53 år)
FødestadCharlemagne
FødenamnCéline Marie Claudette Dion
OpphavCanada
Aktiv1981–
Sjangerpop, Dansemusikk, rock, chanson, Adult contemporary, danse-pop, poprock, softrock
Instrumentpiano, vokal
Stemmetypesopran
PlateselskapColumbia Records, 550 Music, Epic Records, CBS Records International, Legacy, Sony Music Canada
Verka somsongar, skodespelar, stemmeskodespelar, musikar, pianist, restauratør, komponist, filmskodespelar, plateartist
MorThérèse Dion
FarAdhémar Dion
Gift medRené Angélil
BornRené-Charles Angelil
PrisarRidder av Æreslegionen, ridder av Ordre des Arts et des Lettres, Companion of the Order of Canada, offiser av Québecs nasjonalorden, Gaming Hall of Fame, æresdoktor ved université Laval, Canada’s Walk of Fame, stjerne på Hollywood Walk of Fame
Céline Dion syng «God Bless America» om bord på USS Harry S. Truman 2. mai 2002

Céline Marie Claudette Dion (fødd 30. mars 1968) er ei kanadisk songarinne frå Charlemagne i den fransktalande provinsen Québec i Canada. Ho er spesielt kjend for songen «My Heart Will Go On» frå filmen Titanic frå 1997.

Celine Dion byrja karrieren sin som lokal artist i Québec, men vart etterkvart godt kjend i heile den fransktalande verda. Det første albumet hennar, La Voix du Bon Dieu, kom ut i 1981. Ho har også tatt spranget over i den engelskspråklege platemarknaden. Dette skjedde ved lanseringa av det første engelskspråklege albumet hennar, Unison i 1990. Ho har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

I Noreg vart Dion første gong lagt merke til av eit større publikum i 1988 da ho stilte opp for Sveits i Eurovision Song Contest i Dublin og vann med songen «Ne partez pas sans moi».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]