Cellamare-konspirasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Cellamare-konspirasjonen av 1718 (fransk Conspiration de Cellamare) var ein konspirasjon mot den då verande regenten i Frankrike, Philippe d'Orléans (1674–1723). Antonio del Giudice, prinsen av Cellamare, tenkte ut konspirasjonen i Spania.

Bakgrunn og plott[endre | endre wikiteksten]

Antonio del Giudice var spansk ambassadør i det franske hoffet i 1715 under regjeringstida til Ludvig XIV av Frankrike. Ludvig døydde i september dette året og etterfølgjaren hans, Ludvig XV av Frankrike, var berre fem år, og vart teken vare på av hertugen av Orléans, som var nevø (og svigerson) til Ludvig XIV. Antonio del Giudice reiste til Frankrike under regentskapen til Philippe d'Orléans.

Philippe d'Orléans, som komplottet var retta mot.
Madame du Maine var ringleiar for komplottet.

Etter ønske og press frå Guillaume Dubois, statssekretæren for utanrikssaker, danna Frankrike kvadrupelalliansen i lag med Storbritannia, Nederland og Det tysk-romerske riket for å kunne kjempe mot ein mogeleg personalunion mellom Frankrike og Spania, om den fem år gamle Ludvig XV skulle døy. Spania var då styrt av onkelen til Ludvig XV, Filip V, som hadde vore konge av Spania etter Karl II døydde i 1700. Den spanske arvefølgjekrigen hadde ført til freden i Utrecht i april 1713, og denne sa at verken Filip eller etterkomarane hans kunne arve den franske trona.

Prinsen av Cellamare og ambassaden hans prøvde å avsetje Philippe d'Orléans frå makta og gjere Filip V regent for nevøen sin. Planen hadde stor støtte hos nokre av dei mest notoriske fiendane til Philippe d'Orléans, nemleg hertugen og hertuginna av Maine, Louis Auguste de Bourbon og kona Louise Bénédicte de Bourbon, som hadde innleia samtalar med den spanske statsministeren Giulio Alberoni - ein favoritt hos dronning Elisabeth Farnese.

Hertugen av Richelieu var mellom andre ein del av komplottet. Han hadde på denne tida eit romantisk forhold til dottera til regenten, Charlotte Aglaé d'Orléans. Korrespondansen vart fanga opp av politiet og så rapportert til regenten, som handla raskt. Den 9. desember vart prinsen av Cellamare arrestert og send attende til Spania. Alberoni vart arrestert den 5. desember 1718 i Poitiers; hertuginna vart send i eksil til Dijon medan ektemannen hennar vart sett i fengsel i festninga Doullens i Picardie. Hertugen av Richelieu vart sett i Bastille der han seinare vart vitja av kjærasten Charlotte Aglaé d'Orléans i forkledning.

Trass i dette vart alle dei skuldige medlemmane i komplottet benåda i 1720 og fekk reise heim att.

Den 9. januar 1719 erklærte Frankrike krig mot Spania, etter at Storbritannia hadde gjort det same nokre veker tidlegare, den 27. desember 1718.

To år seinare vart måla til Cellamare-konspirasjonen fornya med Pontcallec-konspirasjonen, der dei fire komplottleiarane vart avretta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]