Sellemembran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Cellemembran)
Hopp til navigering Hopp til søk
Illustrasjon av ein sellemembran og tilknytte protein
Ulike molekyl kan nå gjennom sellemembranen på ulike måtar

Sellemembranar eller plasmamembranar er biologiske membranar som omgjev ei selle. Dei er sette saman av eit dobbelt lipidlag med eit hydrofobt indre, og slepp ikkje inn ion og polare molekyl.[1] Gram-negative-bakteriar har to sellemembranar, ein indre og ein ytre.[2]

Sellemembranar kan ha mange protein knytte til seg, og det har vore estimert at 30 % av dei proteinkodande gena i menneskegenomet er integrale membranprotein.[3] Mellom desse proteina er protein som kan sleppa inn og ut ion (ionekanalar)[4], vatn (akvaporin)[5] og andre molekyl (til dømes glukosetransportørar[6]).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «cellemembran» i Store medisinske leksikon, snl.no. Henta Henta 6. juli 2017.
  2. Bos, Martine P.; Robert, Viviane; Tommassen, Jan (2007). «Biogenesis of the Gram-Negative Bacterial Outer Membrane». Annual Review of Microbiology 61: 191–214. PMID 17506684. doi:10.1146/annurev.micro.61.080706.093245. 
  3. He, Yuan; Wang, Kan; Yan, Nieng (2014). «The recombinant expression systems for structure determination of eukaryotic membrane proteins». Protein & Cell 5 (9): 658. doi:10.1007/s13238-014-0086-4. 
  4. «ionekanal» i Store medisinske leksikon, snl.no. Henta Henta 6. juli 2017.
  5. «akvaporiner» i Store medisinske leksikon, snl.no. Henta Henta 6. juli 2017.
  6. Wood, I. Stuart; Trayhurn, Paul (2007). «Glucose transporters (GLUT and SGLT): Expanded families of sugar transport proteins» (PDF). British Journal of Nutrition 89 (1): 3–9. PMID 12568659. doi:10.1079/BJN2002763. 
Spire Denne biokjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.