Celleskjelett
Utsjånad



Celleskjelett eller cytoskjelett er eit cellulært skjelett eller stillas som finst i cytoplasmaen til ei celle. Det finst i alle eukaryote celler og i nokre prokaryote celler.[1]
Det eukaryote celleskjelettet består primært av tre typar fiber:
- Aktinfilament (mikrofilament), ein dobbeltstrenga polymer fiber med ein diameter på 5-9 nanometer, bygd opp av aktin. Det finst aktinfilament i heile cella, men konsentrasjonen er størst like ved cellemembranen. Dei kan vera forankra av kadherin til zonula adherens.
- Mikrotubulus er ein sylindrisk og hol fiber bygd opp av tubulin. Mikrotubuli har ein diameter på 25 nanometer, og er normalt forbunde til eit sentrosom i den eine enden.
- Intermediære filament, trådaktige fibrar med diameter på 10 nanometer, bygd opp av intermediært filamentprotein. Vise intermediære filament er forbunde til desmosom og hemidesmosom.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Shih Y L, Rothfield L (2006). «The Bacterial Cytoskeleton». Microbiol Mol Biol Rev 70 (3): 729–754. PMID 16959967.
- ↑ Alberts, Johnson; Lewis, Raff; Roberts, Walter (2002). Molecular Biology of the Cell (4 utg.). New York: Garland Science. ISBN 0-8153-4072-9.
- Denne artikkelen bygger på «Cytoskelet» frå Wikipedia på dansk, den 12. januar 2026.