Boge for strykeinstrument

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Celloboge)
Frå øvst til nedst: Bogar til bratsj, kontrabass, bulgarsk gadulka og søreuropeisk kementsje.
Celloboge, sett frå haldeenden.
Foto: Georg Feitscher

Ein boge er ein musikalsk reiskap, hovudsakleg nytta til å skapa musikk ved å stryka over strengene til strykeinstrument. Han er gjort av tre delar: taglet, som dannar lyden i møtet med strengene, bogeryggen, og froschen (frosken), der utøvaren har grepet sitt.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Moderne felebogar er om lag 75 cm lange, og ikkje særleg boga. At reiskapen framleis er kalla boge, skuldast at forma på han var meir boga før i tida. Formgjevinga har endra seg dei siste 150 åra, og lengda på bogen har auka. Ein stuttboge, nytta på tidlegmusikk-instrument, er gjerne meir runda, og kan vera ned i 60 cm på lengd. Denne er ofte nytta i autentisk barokkmusikk og folkemusikk.

Taglet på bogen er oftast henta frå rova på ein hest, og vert innsett med harpiks for å gripe betre på strengen.

Utføring[endre | endre wikiteksten]

Alle bogar stryk over strengene i ein kombinasjon av trykk og fart. Til saman gjev dette nok vibrasjon til at strengene svarar med rett klang. Trykket varierer og lydstyrken, og er avstemt etter tjukkleiken på strengen. Fiolinspeling treng meir trykk enn hardingfele, og sameleis mindre trykk enn bratsj eller cello.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Boge for strykeinstrument
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.