Central River Region
Central River Region | |||
region | |||
Land | Gambia | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Janjanbureh | ||
Central River Region 13°34′15″N 14°57′47″W / 13.570833°N 14.963056°W |
Central River Region (tidlegare Central River Division) er eit av seks forvaltingsområde i den vestafrikanske staten Gambia. Regionen omfattar Local Government Area Janjanbureh og Local Government Area Kuntaur.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Regionen på 2895 km² ligg på begge breidder av Gambiaelva. Regionen er vidare inndelt i ti distrikt. I 2013 hadde han eit estimert folketal på 207 574 innbyggjarar.[1] I vest grensar han til Lower River Region og North Bank Region og i aust til Upper River Region. Det administrative senteret er i Janjanbureh, som ligg på Janjanbureh-øya, og utgjer sitt eige distrikt, Janjanbureh. Den største byen er Bansang i Fulladu West-distriktet, med 8 535 innbyggjarar.
Distrikt
[endre | endre wikiteksten]Dei ti distrikta er Lower Saloum, Upper Saloum, Nianija, Niani, Sami, Niamina Dankunku, Niamina West, Niamina East, Fulladu West og Janjanbureh.
Busetnader
[endre | endre wikiteksten]Dei største busetnadane er:
- Bansang, 8535
- Brikama Ba, 4204
- Janjanbureh, 3998
- Madina Umfally, 3145
- Kuntaur, 3074
- Sami, 3040
- Jarreng, 3037
- Kundang, 2555
- Kerewan Samba Sira, 2283
- Saruja, 2196
Folkesetnad
[endre | endre wikiteksten]Ifølgje ei undersøking frå 1993[2] (den dåverande folketeljinga) var den største folkegruppa mandinka, som utgjorde kring tre tidelar av folkesetnaden, følgd av fula- og så voloffolk. Fordelinga i detalj var: 29,5 % mandinkafolk, 37,2 % fulaniar, 26 % voloffolk, 0,6 % jolafolk, 4,1 % serahule, 0,4 % sererfolk, 0,1 % aku, 0,3 % manjago, 0,6 % bambara og 1,2 % andre folkeslag.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Central River Region ved bevoelkerungsstatistik.de
- ↑ Population by Ethnicity, by Settlement and Local Government Area. (Gambians Only) (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 13. november 2012
- Denne artikkelen bygger på «Central River Region» frå Wikipedia på tysk, den 2. september 2024.