Cephalaspidomorphi
Utsjånad
| Cephalaspidomorphi | |
Cephalaspis sp, ei slekt pansra urfisk som gav Cephalaspidomorphane namnet sitt | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Underrike: | Bilaterale dyr Bilateria |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Infrarekkje: | Kjevelause fiskar Agnatha |
| Klasse: | Cephalaspidomorphi Moy-Thomas, 1971 |
Cephalaspidomorphi er ei gruppe kjevelause fisk med enkle naseopningar. Dei fleste kjende medlemmane av gruppa var pansra fisk som levde i devon- og silurtida for om lag 400 millionar år sidan, men mange meiner at òg niaugene som lever i dag høyrer med i gruppa.
Slektskapen til dei ulike fossile fiskane innanfor gruppa er uklårt, og somme meiner ho kanskje kan vera parafyletisk: Sidan somme av dei fossile artane har para finnar, trur ein del forskarar at dei virveldyra som har kjevar stammar frå ho. Namnet vert likevel brukt jamleg, i dag særleg i samband med niauger.
Delgrupper
[endre | endre wikiteksten]- Osteostraci
- Galeaspida
- Pituriaspida
- Anaspida
- Hyperoartia - niauge og dei fossile slektningane deira