Ceraunius Tholus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ceraunius Tholus (venstre) og Uranius Tholus fotografert av Mars Express. Bilete er ein mosaikk, og Ceraunius Tholus er lettare dekt av skyer på det eine biletet, men ikkje det andre
Datagenerert perspektivbilete av Ceraunius Tholus, basert på data frå Mars Express
Høgdekart over Ceraunius Tholus og nærområdet

Ceraunius Tholus (Cerauniuskvelven) er ein vulkan i den nordlege halvkula til Mars, nordaust for Tharsis-fjella.[1] Han er 130 kilometer brei ved foten og når 5,5 kilometer over slettene rundt. Kalderaen på toppen er 25 km på tvers.

Like ved ligg vulkanen Uranius Tholus, og mellom Ceraunius og Uranius Tholus ligg krateret Rahe. Rahe vart danna ved at ein meteoritt slo inn i området med ein skarp vinkel. Ein 3,5 km brei og 300 meter djup dal på sida av Ceraunius Tholus munnar ut i Rahe. I denne munninga er det ei sedimentvifte, og det er mogeleg at vatn i Ceraunius Tholus var med på å danna denne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kart over Tharsis-kvadranten hjå Gazetteer of Planetary Nomenclature

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]