Hønsegås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Cereopsis)
Hønsegås
Bilete frå Maria Island, Tasmania, Australia. Foto: JJ Harrison
Bilete frå Maria Island, Tasmania, Australia.
Foto: JJ Harrison
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av hønsegås
Utbreiinga av hønsegås
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Anserimorphae
Orden: Andefuglar Anseriformes
Overfamilie: Anatoidea
Familie: Andefamilien Anatidae
Slekt: Cereopsis
Art: Hønsegås C. novaehollandiae
Vitskapleg namn
Cereopsis novaehollandiae
Hønsegåsegg.

Hønsegås (Cereopsis novaehollandiae) er den einaste arten i den biologiske slekta Cereopsini i andefamilien. Hønsegåsa er ei stor gråfarga gås med eit lite hovud i tilhøve til kroppen, kort nebb med ein stor gulgrøn cere på oversida. Ho er blant dei mest konsekvente blant gjæsene i å beite på land og flyttar seg ut på vatn berre for å komme unna farer.[1] Hønsegjæser hekkar berre på øyane utanfor sørkysten av Australia, lever i sørlegaste Australia og er introdusert til New Zealand.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hønsegjæser har ei kroppslengd på 75–91 centimeter og vengespennet er 137–162 centimeter.[2] Kjønna er like, men hannane er litt tyngre. I ein dyrehage vog gassane i gjennomsnitt 5,2 kg, hoene derimot berre 3,5 kilo.[1]

Fjørdrakta er oskegrå med små svarte flekker på vengefjørene, i flukt ser ein svarte vengetuppar og svart bakkant i vengene. Halen er svart. Beina har bleikrosa farge og føtene er svarte. Det korte, svarte nebbet har ein særeigen gulgrøn nasecere. Auga er hasselbrune.[3] Oversida av hovudet er lyst, resten av hovudet og nakken er bleikgrå. Dei går gjennom ei komplett myting etter hekkesesongen.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Ein kan finne hønsegjæser på avgrensa stader i sørlegaste Australia og på Tasmania, hekkehabitata ligg på øyar, særleg på øyar med grasmarker og våtmarker i Bassundet og i Spencergolfen. Dessutan på øyar i Recherche-øygruppa på sørkysten av Vest-Australia. Utanom hekkesesongen kan dei trekke inn på fastlandet i Australia, dette skjer i den australske sommaren. Streiffuglar når så langt som til New Zealand, og mange har rømt frå fangenskap på New Zealand og er etablert som ville bestandar ved Waikanae og i sørlege Canterbury.[4]

Fram til 1960 var arten jakta. I 1965 var populasjonen på berre ca. 6000 individ. Etter at vern vart innført er populasjonen gjenvunnen, slik at arten ikkje lenger er klassifisert som truga.[1] Bestanden er estimert til ca. 16 000 til 18 000 individ og er stabil.[5]

Føde[endre | endre wikiteksten]

Dietten består av primært av gras og små frø. Dei føretrekker gras med høgt nitrogeninnhald og kan difor ofte observerast på vatna jorde, gjødsla beitemarker og langs kantar av våtmarker.[6]

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Hekkesesongen er i den australske vinteren, i vekstperioden av gras. Hekkinga byrjar vanlegvis mellom mai og juli. Hekketerritoria kan variere i storleik frå 0,3 til 0,5 hektar.[7] Reiret blir lagt i skjul av gras og buskar. Hoa legg mellom fire og sju kremfarga egg med raude flekker. Ruginga startar etter at første egget er lagt. I løpet av hekkesesongen vil hoa bruke omtrent sytti prosent av tida si på reiret. Ho taper om lag 20 prosent av kroppsvekta under ruginga.[8] Rugeperioden er på ca. 35 dagar, og ungane er vanlegvis flygedyktige på byrjinga av våren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Kolbe, S. 130
  2. Higgins, s. 1194.
  3. Higgins, s. 1194.
  4. Heather og Robertson, 2005.
  5. BirdLife International 2013.
  6. Higgins, s. 1195.
  7. Higgins, s. 1197.
  8. Higgins, s. 1199.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]