Cerrejón

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Cerrejón er ei kolgruve i Colombia. Dette er eit dagbrot som ligg i kommunen Barrancas i søraustre delen av La Guajira-departementet, nær grensa til Venezuela. I geologiske termar ligg gruva i den nordaustlege delen av Cesar-Ranchería-bassenget, mellom Sierra Nevada de Santa Marta i vest og Serranía del Perijá i søraust. Gruva er ei av dei største i sitt slag, den største i Latin-Amerika og den tiande største i verda. Cerrejón strekker seg over ei flate på 690 kvadratkilometer. Ho er delt inn i tre seksjonar, nordlege, sentrale og sørlege sone. Totale påviste reservar er estimerte til 503 megatonn. I 2016 produserte gruva over 32 millionar tonn kol.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Uttak av kol frå Cerrejón kolgruve
Utskiping av kol frå Cerrejón kolgruve, gjennom hamna Bolívar Port, nord på Guajira-halvøya
Tog som transporterer kol til utskipingshamna

Cerrejón er per 2013 den tiande største kolgruva i verda og den største i Latin-Amerika.[1] Produksjonen starta i 1985, då gruva vart driven av Carbocol, eit colombiansk statsføretak og Intercor, eit dotterselskap av Exxon.

I dag er Cerrejón ått i like delar av dotterselskap av dei internasjonale gruveselskapa BHP Billiton, Anglo American og Glencore.

Kolet er lågoske, lite svovelbituminøst kol, vunne ut frå paleocen Cerrejón-formasjonen i den nordaustlege delen av Cerarjón-bassenget i Cesar-Ranchería-bassenget.[2] Kollaga når ei tjukn på 180 meter.[3]

Kolet blir frakta ut av gruveområdet med 320 tonns lastebilar, ca. 290 bilar er disponible. Kolet blir deretter knust og lasta over på jernbanevogner og transportert nord til utskipingshamna Puerto Bolívar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Mining-technology.com The 10 biggest coal mines in the world 10. oktober 2013, henta 31. mars 2019
  2. Mining-technology.com Carbocol and Intercor Coal Mine Henta 31. mars 2019
  3. Portafolio.co Cerrejón, una gigante que no deja de trabajar 5. februar 2016, henta 31. mars 2019

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Cerrejón