Cerro Sombrero

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå Cerro Sombrero i 2004.

Cerro Sombrero (spansk for «Hatteåsen») er ein chilensk landsby vest på Storøya i Eldlandet. Administrativt høyrer han under provinsen Tierra del Fuego i Región de Magallanes y de Antártica Chilena. I 2002 registrerte ein 687 fastbuande i Cerro Sombrero.

Staden vart grunnlagt i 1958 som senter for det nasjonale petroleumsselskapet i Chile, ENAP. Staden har både gymnas, symjehall, botanisk hage, kino, kyrkje, sjukehus, flyplass, lagerhus, supermarknad, restaurant, overnattingshus og bensinstasjon samt ENAP-kontor.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]