Cerro Tololo interamerikanske observatorium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 30°10′9″S 70°48′21″W

Cerro Tololo og Blanco Telescope

Cerro Tololo interamerikanske observatorium (CTIO) er eit astronomisk observatorium liggjande på Cerro Tololo i Atacamaørkenen i det nordlege Chile med tilleggsfasilitetar liggjande på Cerro Pachón ca. 10 km sørvest. Teleskopet ligg i Coquimboregionen og ca. 80 km austom La Serena der støttefasilitetane ligg. Staden vart identifisert av eit lag av forskarar frå Chile og USA i 1959 og vart endeleg valt i 1962.[1][2] Bygginga starta i 1963, og vanlege observasjonar følgde i 1965 .[3] Bygginga av dei store bygningane på Cerro Tololo vart ferdig med fullføringa av Victor M. Blanco Telescope i 1974, men mindre fasilitetar har vorte bygd i ettertid. Cerro Pachón er framleis under utvikling med ytterlegare to teleskop innvigd sidan 2000 og eitt er i tidleg fase av bygginga.

Oppdagingar[endre | endre wikiteksten]

Oppdaga asteroidar: 5
(87269) 2000 OO67 29. juli 2000
(87555) 2000 QB243 25. august 2000
88611 Teharonhiawako 20. august 2001
(134210) 2005 PQ21 9. august 2005
(139775) 2001 QG298 19. august 2001


Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Moreno, H. (1990). «Chilean Astronomers and the Birth of Cerro Tololo». Revista Mexicana de Astronomia y Astrofisica 21: 683. Bibcode:1990RMxAA..21..683M. 
  2. «CTIO History | CTIO». Cerro Tololo Inter-American Observatory. 
  3. «OBSERVATORY REPORT: Kitt Peak-Cerro Tololo Inter-American». Astronomical Journal 71: 229. 1966. Bibcode:1966AJ.....71..229.. doi:10.1086/109912. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]