Cerveteri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå gravfeltet Necropoli della Banditaccia

Cerveteri er ein by og ein kommune i provinsen Roma i regionen Lazio i Italia. Kommunen har 37 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 134 km². Byen Cerveteri ligg 81 moh og 42 km vest for Roma, mellom Sabatin-fjella og Tyrrenhavet, få kilometer aust for hamnebyen Ladispoli.

Cerveteri er eit sentrum for landbruksnæringa i området, der vinproduksjon står i fremste rekke.

Byen er kjend for Necropoli della Banditaccia, eit område med graver og gravhaugar frå etruskisk tid. Ein reknar med t bystaten Cerveteri då hadde opptil fleire titusentals ibuarar. Gravfeltet er med på UNESCO si verdsarvliste.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]