Cesária Évora
Cesária Évora | |
![]() | |
Fødd | 27. august 1941 |
---|---|
Fødestad | Mindelo |
Død | 17. desember 2011 (70 år) |
Dødsstad | Mindelo |
Opphav | Kapp Verde |
Aktiv | 1957–2011 |
Sjanger | Fado, Morna, modinha, verdsmusikk |
Instrument | vokal |
Plateselskap | Lusafrica |
Verka som | songar |
Prisar | Ridder av Æreslegionen, Grammy Award for Best Contemporary World Music Album, Kora Awards, Den kulturelle fortjenstorden |
Cesária Évora (fødd 27. august 1941 i Mindelo, daud 17. desember 2011)[1] var ein songar frå Kapp Verde. Ho er kjend for å ha framført musikk i sjangeren morna. Ho framførte også songar i dei muntrare stilane coladeira og funaná frå Kapp Verde, og seinare i karrieren utvida ho også repertoaret med innslag av arabisk, kubansk og brasiliansk musikk. Évora blei kjend som «barfotdivaen», ettersom ho pleide å opptre barføtt i solidaritet med fattige kvinner.[2]
Liv og virke[endre | endre wikiteksten]
Évora voks opp i ein fattig familie, og mista faren, Justino da Cruz Évora, som sjuåring.[3][4] Då ho var 10 år gammal såg mora Dona Joana seg nøydd til å senda henne til ein barneheim, ettersom ho ikkje kunne forsørga alle seks barna sine.

Då ho var seksten byrja ho å opptre på hamnekneiper i heimbyen som tenåring.[5] På 1960-talet byrja ho synga på portugisiske cruiseskip som vitja Mindelo, og på lokal radio. I Europa blei det gjeve ut konsertopptak av Évora på plate på 1960-talet. På 1970-talet gav ho opp songkarrieren fordi han ikkje var mogleg å leva av.
På 1980-talet dukka ho opp igjen. I 1985 blei ho invitert av den kappverdiske songaren Bana til Portugal. I Lisboa blei ho oppdaga av produsenten José da Silva og gjeven mogleiken til å spela inn musikk i Paris.[6]
Ho spelte inn sitt første album, Cesaria, i 1987. Internasjonal suksess kom med det første kommersielle albumet, La Diva Aux Pieds Nus frå 1988, og nådde eit breiare publikum med Mar Azúl (1991). Miss Perfumado frå 1992 seld i over 300 000 eksemplar over heile verda.[7] Albumet inneheldt ein av hennar best kjende songar, «Sodade». Évora hadde utselde opptredenar på store scenar i Paris og Lisboa.[4]
I 2004 vann Évora ein grammypris for albumet Voz D'Amor. I 2009 blei ho utnemnd til riddar av den franske Æreslegionen.[8]
Under ein turné i Australia i 2008 fekk Évora slag. I 2009 gav ho ut sitt siste album, Nha Sentimento, som blei spelt inn i Mindelo og Paris med José da Silva. I 2010 hadde Évora ei rekkje konsertar, den siste i Lisboa den 8. mai. To dagar seinare gjekk ho gjennom ein operasjon grunna eit hjarteåtak. I september 2011 kunngjorde agenten til Évora at ho kom til å trekkja seg tilbake grunna dårleg helse.[9]
17. desember 2011, 70 år gammal, døydde Évora i São Vicente på Kapp Verde.[10] Regjeringa på Kapp Verde erklærte landesorg i to dagar då ho døydde.[4]
Évora påverka yngre songarar som Mayra Andrade og Sara Tavares.[4]
Diskografi[endre | endre wikiteksten]
- 1987 – Cesária
- 1988 – Cesária Évora, La Diva aux pieds nus
- 1990 – Distino di Belita
- 1991 – Mar Azul
- 1992 – Miss Perfumado
- 1994 – Sodade – Les plus belles mornas de Cesaria (Best of)
- 1995 – Cesária
- 1995 – Cesária Évora à L'Olympia
- 1997 – Cabo Verde
- 1998 – Best of Cesária Évora
- 1998 – Nova Sintra
- 1999 – Le monde de Cesária Évora
- 1999 – Café Atlantico
- 2001 – Cesária Évora: L'essentiel
- 2001 – São Vicente di Longe
- 2002 – Anthology
- 2002 – Anthologie: Mornas & Coladeras
- 2002 – The Very Best of Cesária Évora
- 2003 – Voz d'Amor
- 2004 – Les essentiels
- 2006 – Rogamar
- 2008 – Rádio Mindelo
- 2009 – Nha sentimento
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Singer Cesaria Evora dies at the age of 70», BBC News, 17. desember 2011.
- ↑ «Barfotdivaen», Bergens Tidende, 30. april 2006.
- ↑ «Cesaria Evora: Cape Verde's soulful 'barefoot diva'». The Independent. Henta 23. oktober 2014.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 Cesária Évora, Singer From Cape Verde, Dies at 70, New York Times, publisert 18. desember 2011.
- ↑ «Grammy-winning singer Cesaria Evora dies at age 70». The Washingtion Times. Henta 23 October 2014.
- ↑ Garth Cartwright: Cesária Évora obituary in The Guardian, 17. desember 2011.
- ↑ «BBC News - Singer Cesaria Evora dies at the age of 70». BBC News. Henta 23 October 2014.
- ↑ «Légion d'honneur pour Césaria Evora, "diva aux pieds nus et à la voix d'or"», ladepeche.fr, 9. februar 2009.
- ↑ «Cesaria Evora termina a carreira aos 70» (på portugisisk). Publico.pt. Arkivert frå originalen 24. september 2011. Henta 24. Sseptember 2011.
- ↑ «Evora leaving forever». Rt.com. Arkivert frå originalen 22. desember 2011. Henta 17. desember 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Cesária Évora» frå Wikipedia på bokmål og «Cesária Évora» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2019.