Cey-Nor Development Project

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Cey-Nor Development Project var eit utvikkingsprosjekt i Thoppukadu nær JaffnaSri Lanka, etablert og driven av avholdsrørsla Noregs Godtemplar Ungdomsforbund. Prosjektet var verksamt frå 1950-talet til 1970-talet. Initiativtakar og prosjektleiar var Arne Fjørtoft, og prosjektet fokuserte på opplæring av lokalfolkesetnaden i blant anna båtbygging for fiskebåtar. Vidare omfatta prosjektet eit fryseri, garnfabrikkar, helsesenter og ulike typar landsbyutvikling. Prosjektet fekk støtte frå norsk ungdom, gjennom blant annan «te for 10»-aksjonar, og Direktoratet for utviklingshjelp. Drifta av prosjektet vart overteke av FORUT.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]