CGS-systemet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Cgs-systemet)

CGS-systemet (forkorting for centimeter-gram-sekund-systemet), Gauss-systemet eller absolutt målsystem er eit målesystem som går ut frå grunneiningane centimeter, gram og sekund.

Systemet vart føreslått i 1832 av den tyske matematikaren Carl Friedrich Gauss og vart utvida med elektromagnetiske einingar av James Clerk Maxwell og William Thomson. CGS-systemet vart erstatta av MKSA-systemet og seinare SI-systemet.

CGS-systemet vert i dag brukt i noko amerikansk teknisk litteratur, særleg innan elektrodynamikk og astrofysikk. Mange astronomar argumenterer for at notasjonen vert enklare med dette systemet.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.