Château-Chinon (Ville)

Koordinatar: 47°04′N 03°45′E / 47.067°N 3.750°E / 47.067; 3.750
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Château-Chinon)
Château-Chinon (Ville)
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Bourgogne-Franche-Comté
Nièvre
Geografi
Flatevidd 4,28 km²
Flatevidd
 - By

4,28 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

2 307
  539/km²
Koordinatar 47°04′N 03°45′E / 47.067°N 3.750°E / 47.067; 3.750
Høgd over havet 534 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 58120
Heimeside: www.ville-chateau-chinon.fr

Château-Chinon (Ville) er ein landsby og kommune sentralt i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Nièvre i regionen Bourgogne. Byen har om lag 2 500 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Château-Chinon (Ville) har ei lang historie. Heilt tilbake til 700-talet eksisterte det ei borg med riddarar frå Chinon. På 1100- og 1200-talet vart det bygd massive bymurar rundt byen. Som vassallar for hertugane i Burgund måtte riddarane av Chinon i mellomalderen levere material og honningprodukt til hoffet i Dijon. Ludvig XIII drog bort frå byen på byrjinga av 1600-talet og gav borga til ein av rådgjevarane sine. Byen vart først viktig igjen på 1900-talet då den seinare franske presidenten François Mitterrand var ordførar her frå 1959 til 1981.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]