Château de Commercy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Château de Commercy

ArkitektEmmanuel Héré
StilBarokkarkitektur
Kart
Château de Commercy
48°45′50″N 5°35′34″E / 48.7638°N 5.5927°E / 48.7638; 5.5927
Detalj.

Château de Commercy, som lokalt vert kalla Château Stanislas, er eit slott i barokk stil i Commercy i departementet Meuse i Frankrike, påbyrja i 1708 og ferdigbygd i 1747. Arkitektar var Léopold Durand, Nicolas d'Orbay, Emmanuel Héré de Corny. Slottet vart i 1960 klassifisert som Monument historique, det vil seie at det er verna. Det er no nytta til offentlege kontor.

Eigarar gjennom tidene[endre | endre wikiteksten]

  • 1708–1723: Charles Henri de Lorraine-Vaudémont, prins av Vaudémont (1649–1723)
  • 1723–1729: Léopold I av Lorraine, hertug i Lorraine og Bar (1679–1729)
  • 1729–1737: François III, hertug i Lorraine og Bar (1708–1765)
  • 1737–1744: Élisabeth Charlotte d'Orléans, hertuginne i Lorraine og Bar (1676–1744)
  • 1744–1766: Stanislas Leszczyński (Stanisław Leszczyński), hertug i Lorraine og konge i Polen (1677–1766). Det lokale namnet på slottet, Château Stanislas, er etter han.
  • 1766–1957: Den franske staten
  • frå 1957: Commercy kommune

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Château de Commercy