Cha cha cha av Käärijä
«Cha cha cha» Song av Käärijä | ||
Land | Finland | |
Språk | Finsk | |
Utgjeve | 17. januar 2023 | |
Sjanger | Rap, elektropop, metalrock | |
Lengd | 02:40 | |
Selskap | Warner Music Finland | |
Komponist | Aleksi Nurmi, Käärijä, Kiro | |
Tekstforfattar | Käärijä | |
Låtskrivar(ar) | Jere Pöyhönen, Johannes Naukkarinen, Aleksi Nurmi, Jukka Sorsa |
---|
«Cha cha cha» er ein song frå 2023 med den finske rapparen Käärijä. Songen vann den finske songtevlinga Uuden Musiikin Kilpailu 2023 og var det finske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia. Der enda han på andreplass, det nest beste resultatet til Finland sidan debuten i 1961.
Om songen
[endre | endre wikiteksten]«Cha cha cha» er skriven av rapparen Käärijä (Jere Pöyhönen), saman med Johannes Naukkarinen, Aleksi Nurmi og Jukka Sorsa.[1] Käärijä skildra låten som ein «hymne for å gløyme kvardagen».[2] Songen har element av rap, elektropop og metalrock, og Käärijä har sagt at songen er inspirert av favorittbandet Rammstein.[3]
«Cha cha cha» blei plukka ut som eit av sju bidrag til Uuden Musiikin Kilpailu 2023, den finske uttakinga til Eurovision Song Contest. I tevlinga opptredde Käärijä i oppblåsen, grøn bolero, bar mage og skinnbukser. Med på scena hadde han fire cha-cha-cha-dansarar i rosa dansedrakter.[4]
I finalen 25. februar vann «Cha cha cha» ein solid siger hos både dei internasjonale jurygruppene og sjåarane. Songen fekk samla 539 poeng – 387 poeng føre andreplassen, og den største sigersmarginen i tevlinga si historie.[5] Med sigeren blei «Cha cha cha» det finske bidraget til Eurovision Song Contest.[6] I vekene før Eurovision Song Contest var «Cha cha cha» blant favorittane til å vinne tevlinga.
Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]Finland var trekt til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest i Liverpool Arena tysdag 9. mai 2023. Der vann «Cha cha cha» semifinalen og avanserte til finalen laurdag 13. mai. I finalen vann songen telefonavrøystinga klårt, men enda på andreplass samanlagt bak Loreen og songen «Tattoo» frå Sverige.[7] Andreplassen er den nest beste plasseringa til Finland i Eurovision Song Contest, etter sigeren i 2006.
Listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]Liste (2023) | Høgaste plassering |
---|---|
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[8] | 7 |
Australia (ARIA Digital Track Chart)[9] | 22 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[10] | 17 |
Danmark (Tracklisten)[11] | 32 |
Finland (Suomen virallinen lista)[12] | 1 |
Global 200 (Billboard)[13] | 27 |
Hellas (IFPI Greece, internasjonal musikk)[14] | 2 |
Island (Tónlistinn)[15] | 2 |
Israel (Media Forest)[16] | 5 |
Irland (IRMA)[17] | 7 |
Italia (FIMI)[18] | 85 |
Kroatia (Billboard)[19] | 2 |
Latvia (LAIPA)[20] | 1 |
Litauen (AGATA)[21] | 1 |
Luxembourg (Billboard)[22] | 11 |
Nederland (Single Top 100)[23] | 13 |
New Zealand (RMNZ Hot Singles)[24] | 9 |
Noreg (VG-lista)[25] | 3 |
Portugal (AFP)[26] | 43 |
Spania (PROMUSICAE)[27] | 46 |
Storbritannia (UK Singles Chart)[28] | 6 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[29] | 8 |
Sverige (Sverigetopplistan)[30] | 1 |
Tsjekkia (Singles Digitál Top 100)[31] | 8 |
Tyskland (Deutsche offizielle Charts)[32] | 18 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Käärijä: Cha Cha Cha | UMK23 | Yle Areena». areena.yle.fi (på finsk). Henta 1. mars 2023.
- ↑ «Viisufanit maailmalla hypettävät Käärijää – Cha Cha Cha on kivunnut vedonlyöntitilastojen kolmoseksi». yle.fi (på finsk). Henta 1. mars 2023.
- ↑ Mattila, Mikael (18. januar 2023). «Käärijän UMK-kappale räjäytti viisufanien potin: ”Olen aivan sanaton”». Ilta-Sanomat (på finsk). Henta 1. mars 2023.
- ↑ «Käärijä - Cha Cha Cha | Finland | National Final Performance | Eurovision 2023» (på norsk bokmål). Henta 1. mars 2023.
- ↑ «HS-analyysi | UMK:n lopputulos oli täydellinen, ja edessä on Suomelle poikkeuksellinen viisukevät». Helsingin Sanomat (på finsk). 26. februar 2023. Henta 1. mars 2023.
- ↑ «Käärijä wins UMK with “Cha Cha Cha“ and will represent Finland in Eurovision 2023!». ESCXTRA.com (på engelsk). 25. februar 2023. Henta 1. mars 2023.
- ↑ Nielsen, Trym Mogen, Agusta Magnusdottir, Ørjan Ryland, Marthe Karlson (14. mai 2023). «Finland: – Beklager». dagbladet.no (på norsk). Henta 15. mai 2023.
- ↑ «Single Charts vom 23. Mai 2023». oe3.ORF.at (på tysk). Ö3 Austria Top40. 8. november 2019. Henta 23. mai 2023.
- ↑ «The ARIA Report: Week Commencing 22 May 2023». The ARIA Report (1733): 9. 22. mai 2023 – via Australian Recording Industry Association.
- ↑ «Käärijä – Cha cha cha». www.ultratop.be. Ultratop.be. Henta 21. mai 2023.
- ↑ «Track Top-40, uge 20 – 2023». Hitlisten.NU. Hitlisten.NU. 25. mai 2023. Henta 28. mai 2023.
- ↑ «Suomen virallinen lista – Artistit Käärijä – Cha Cha Cha». Suomen virallinen lista (på finsk). Henta 1. mars 2023.
- ↑ «Billboard Global 200: Week of May 27, 2023». Billboard (på engelsk). 23. mai 2023. Henta 23. mai 2023.
- ↑ «Official IFPI Charts Digital Singles Chart (International) Εβδομάδα: 20/2023». www.ifpi.gr. IFPI Charts. Arkivert frå originalen 25. mai 2023. Henta 11. mars 2023.
- ↑ «TÓNLISTINN – Streymi, spilun og sala viku 20, 2023» (på islandsk). Tónlistinn Plötutíðindi. 13. mai 2023. Arkivert frå originalen 20. mai 2023. Henta 21. mai 2023.
- ↑ tool, niv the (22. mai 2023). «שירים מובילים - רדיו - בינלאומי – המצעד השבועי של מדיה פורסט [Media Forests ukentlige parade – Topplåter – radio – internasjonalt]». mediaforest-group. Arkivert frå originalen 22. mai 2023. Henta 22. mai 2023.
- ↑ «Official Irish Singles Chart Top 50». www.officialcharts.com (på engelsk). Official Charts Company. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.
- ↑ «Classifica settimanale WK 20 (dal 12.05.2023 al 18.05.2023)». www.fimi.it (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.
- ↑ Cusson, Michael (23. februar 2022). «Croatia Songs: Week of May 27, 2023». Billboard (på engelsk). Henta 23. mai 2023.
- ↑ «Mūzikas Patēriņa Tops/ 20. nedēļa» (på engelsk og latvisk). LAIPA. May 22, 2023. Arkivert frå originalen 22. mai 2023. Henta 29. mai 2023.
- ↑ «2023 20-os savaitės klausomiausi (TOP 100)». Agata (på litauisk). 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.
- ↑ «Luxembourg Songs – Week of May 27, 2023». Billboard (på engelsk). 23. mai 2023. Henta 23. mai 2023.
- ↑ «Kaarija – Cha Cha Cha». dutchcharts.nl. Dutch Charts – dutchcharts.nl. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.
- ↑ «The Official New Zealand Music Chart». THE OFFICIAL NZ MUSIC CHART (på engelsk). 21. mai 2023. Henta 21. mai 2023.
- ↑ «Käärijä på Norges offisielle singelliste». topplista.no. IFPI Norge. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.
- ↑ «Käärijä – Cha cha cha». portuguesecharts.com. Portuguese charts portal. 25. mars 2023. Henta 28. mars 2023.
- ↑ «TOP 100 CANCIONES + STREAMING, SEMANA 20: del 12.05.2023 al 18.05.2023». PROMUSICAE. 22. mai 2023. Henta 23. mai 2023.
- ↑ «Käärijä | full Official Chart History». www.officialcharts.com. Official Charts Company. Henta 19. mai 2023.
- ↑ «Käärijä – Cha cha cha». Hitparade.ch. 21. mai 2023. Henta 22. mai 2023.
- ↑ «Veckolista Singlar,vecka 20». Sverigetopplistan. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.
- ↑ «Cha Cha Cha – Käärijä – Warner Music». ifpicr.cz. ČNS IFPI. 22. mai 2023. Henta 22. mai 2023.
- ↑ «Käärijä – Cha Cha Cha». Offizielle Deutsche Charts. GfK Entertainment. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Cha cha cha (Käärijä-sang)» frå Wikipedia på bokmål, den 5. desember 2023.