Chaconne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chaconne des Scaramouche frå Le Bourgeois Gentilhomme av Jean-Baptiste Lully
Ciaccona frå Johann Sebastian Bach sitt Partita for fiolin nr. 2
Chaconnedansarar. Koparstikk av H. Fletcher frå Kellom Tomlinson si The Art of Dancing, 1735. Victoria and Albert Museum i London i England.

Chaconne (fransk, spansk chacona, frå baskisk chocuna, 'lystig') er ein spansk folkedans frå 1500-talet, nært i slekt med passacaglia. Det italienske omgrepet ciaccona vert ofte brukt, og andre skrivemåtar som ciacona, chiaccona, ciaconia og liknande finst òg.

Chaconnen var opphavleg ein hurtig dans som oppstod i spansk folkekultur på slutten av 1500-talet. Dansen vart utført med erotiske rørsler og sunge med spottande tekstar.[1] I følgje Curt Sachs er chaconnen av latinamerikansk opphav og og med ein sanseleg, vill og tøyleslaus karakter.

I kunstmusikken er chaconnen ei ostinat musikkform med variasjonar over eit gjentatt harmoniskjema på fire til åtte takter.

Chaconnen var stort sett berre i vanleg bruk i barokken, men vart delvis teken fram igjen på 1800-talet. ein av dei største romantiske symfoniske chaconnane er sluttsatsen i symfoni nr 4 i e-moll op. 98 av Brahms. Det vakre temaet er med små forandringar henta frå Bach-kantaten Nach dir, Herr, verlanget mich BWV 150. Temaet vert presentert av blåsarane og utvikla i over 30 variasjonar med temaet tilstades i bassinstrumenta nesten heile tida.

På 1800-talet og tidleg 1900-tal skilte ein del teoretikarar mellom passacaglia og chaconne ved å bruke chaconne om eit sett av variasjonar over eit harmoniskjema, men passacaglia vart definert som eit sett av variasjonar over ein bassmelodi.[2] Skiljet er tilfeldig fordi andre samtidige teoretikarar snur skiljet på hovudet,[3] og dessuten har ikkje skiljet vore klart i musikkhistoria.[4] Nokre gonger vert dei kombinerte i ein enkelt komposisjon , som i Cento partite sopra passacaglia av Girolamo Frescobaldi, og den første suiten i Les Nations (1726) og i Pièces de Violes (1728) av François Couperin.[5]

Døme på chaconnar[endre | endre wikiteksten]

Ein av dei dei mest kjente chaconnane er sluttsatsen i Johann Sebastian Bachs Partita No. 2 i d-moll, BWV 1004 frå Sonatar og partitaer for fiolin. Denne 265-taktars chaconnen tar utgangspunkt i ein melankolsk firetaktars melodi og vert utvikla gjennom ein fargerik musikalsk reise i både dur- og molltoneartar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Alexander Silbiger, «Chaconne», The New Grove Dictionary of Music and Musicians, red. S. Sadie and J. Tyrrell (London: Macmillan, 2001)
  2. Percy Goetschius, The Larger Forms of Musical Composition: An Exhaustive Explanation of the Variations, Rondos, and Sonata Designs, for the General Student of Musical Analysis, and for the Special Student of Structural Composition ([New York]: G. Schirmer, 1915), 29 og 40
  3. Lucas, Clarence Lucas, 1908. The Story of Musical Form (The Music Story Series, edited by Frederick J. Crowest. London: The Walter Scott Publishing Co., Ltd.; New York: Charles Scribner's Sons, 1908), 203
  4. «modern attempts to arrive at a clear distinction are arbitrary and historically unfounded». Manfred Bukofzer, Music in the Baroque Era (New York: Norton, 1947), 42
  5. Alexander Silbiger, «Passacaglia and Ciaccona: Genre Pairing and Ambiguity from Frescobaldi to Couperin Arkivert 2008-05-15 ved Wayback Machine.», Journal of Seventeenth-Century Music 2, no. 1 (1996).
  6. Budd Udell, «Standard Works for Band: Gustav Holst's First Suite in E♭ Major for Military Band». Music Educators Journal 69, no. 4 (1982):28 (JSTOR subscription access); Pam Hurry, Mark Phillips, and Mark Richards, Heinemann Advanced Music (Oxford: Heinemann Educational Publishers, 2001. ISBN 0-435-81258-0): 238; Clarence Lucas, The Story of Musical Form (The Music Story Series, edited by Frederick J. Crowest. London: The Walter Scott Publishing Co., Ltd.; New York: Charles Scribner’s Sons, 1908): 203.