Chaetocercus
| Chaetocercus | |
Kvitbukkolibri (Chaetocercus mulsant) | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
| Familie: | Kolibriar Trochilidae |
| Underfamilie: | Trochilinae |
| Stamme: | Mellisugini |
| Slekt: | Chaetocercus G. R. Gray, 1855 |
Chaetocercus er ei biologisk slekt av kolibriar i stammen Mellisugini, «bikolibriar». Dette er seks artar som har ei samla utbreiing i nordvestre Sør-Amerika og på Trinidad og Tobago. Utbreiingsområda deira ligg hovudsakleg i fjellregionar langs Andesfjella og nærliggande område, frå Trinidad og det nordlege Venezuela sør til det sentrale Bolivia.
Det maskuline slektsnamnet Chaetocercus kjem frå gresk khaitē som tyder ‘hår’ og kerkos som tyder ‘hale’, altså «hårete hale».[1]
Kjenneteikn
[endre | endre wikiteksten]Kolibriane i denne slekta er svært små, 5,5 til 8,5 centimeter lange der hannfuglar er ca. 1 cm lengere enn hoer. Dei har kort, rett eller svakt bøygd nebb og to kvite sideflekker på undersida som er forbunde med ei linje over dei stjertdekkande fjørene. Hannane har ein skinande raudfiolett strupeflekk kanta av eit kvitt, grått eller beige brystband, grøn overside og anten grøne eller kvite undersider. Hoene har mørkebrune øyrefjører og ei lang, lys stripe bak auga, grøn overside og beige eller kvit underside. Hannane har ein kløyvd stjert med svært smale fjører, medan hoene har ein kortare og noko avrunda stjert. Flukta deira er målretta og minnar om humler.[2]
Systematikk
[endre | endre wikiteksten]Slekta Chaetocercus vart føreslått av den britiske zoologen George Robert Gray i 1855.[3] Typearten, som først vart definert ved monotypsi, var Ornismya jourdanii, no kjend som Chaetocercus jourdanii, rustskaftkolibri.
Artsoversyn
[endre | endre wikiteksten]Slekt Chaetocercus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025,[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]
| Bilete | Norsk namn | Vitskapleg namn | Autor | Utbreiing | Status[6] |
|---|---|---|---|---|---|
| Kvitbukkolibri | Chaetocercus mulsant | (Bourcier), 1843 | LC | ||
| Pygmékolibri | Chaetocercus bombus | Gould, 1871 | NT | ||
| Knøttkolibri | Chaetocercus heliodor | (Bourcier), 1840 | LC | ||
| Santamartakolibri | Chaetocercus astreans | (Bangs), 1899 | LC | ||
| Esmeraldaskolibri | Chaetocercus berlepschi | Simon, 1899 | VU | ||
| Rustskaftkolibri | Chaetocercus jourdanii | (Bourcier), 1839 | LC | ||
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Første versjon av denne artikkelen var basert på «Chaetocercus» frå Wikipedia på spansk, den 21. juni 2025
- Referansar
- ↑ Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 98. ISBN 978-1-4081-2501-4.
- ↑ J. del Hoyo; A. Elliott; J. Sargatal; D.A. Christie; E. de Juana, red. (2020). «White-bellied Woodstar (Chaetocercus mulsant)». Birds of the World. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. «Første art i Chaetocercus for navigasjon til artiklar»
- ↑ Gray, George Robert (1855). Catalogue of the Genera and Subgenera of Birds Contained in the British Museum. London: British Museum. s. 22.
- ↑ Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2025. IOC World Bird List (v15.1). doi : 10.14344/IOC.ML.15.1 Henta 16. juni 2025
- ↑ «Norske navn på verdens fugler». Norsk navnekomité for fugl (NNKF). 16. juni 2025. søk på Chaetocercus
- ↑ BirdLife International (2024). «Chaetocercus». IUCN - Global raudliste. Henta 16.06.2025.
{{cite web}}: Check date values in:|vitja=(hjelp)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Chaetocercus hos Artsdatabanken
- (en) Chaetocercus i Catalogue of Life
- (en) Chaetocercus i Encyclopedia of Life
- (en) Chaetocercus i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Chaetocercus hos ITIS
- (en) Chaetocercus hos NCBI
- (en) Kategori:Chaetocercus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Chaetocercus – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Chaetocercus – detaljert informasjon på Wikispecies