Chaff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Chaff er eit engelsk uttrykk for ein anti-radar teknikk der fly eller andre mål spreier ut ein sky av små, tynne bitar av aluminium eller plast. Disse vert til støy for ein radar som gjer det vanskeleg å skilja mellom chaff og andre objekt i lufta.

Forstyrring av radar med chaff under ei øving utanfor Nederland
Chaff-kastarar om bord på USS IOWA (BB-61).

Chaff er i dag saman med narrebluss den meste nytta forma for sjølvvern på militære fly og helikopter, men òg krigsskip nyttar chaff for å verna seg mot radarstyrte missil. Chaff er elektrisk leiande folie eller fiber som forstyrrar radarsystem. Andre motmidlar for sjølvvern som vert nytta mot varmesøkende missil er rundstrålande jammarar og direktive jammarar[1]. Chaff vart for første gong brukt under andre verdskrig, men vert i dag brukt mest mot radarsøkjande rakettar.


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jones. p. 290

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]