Chains on You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Chains on You»
Song av Athena Manoukian
Land Armenia
Språk Engelsk
Utgjeve 14. februar 2020
Sjanger R&B, hiphop
Lengd 03:02
Selskap Utgjeven på eige merke
Komponist Athena Manoukian
Tekstforfattar Athena Manoukian
Låtskrivar(ar) Athena Manoukian, DJ Paco

«Chains on You» (norsk 'lenkjer om deg') er ein popsong av den gresk-armenske songaren Athena Manoukian. Songen skulle ha vore det armenske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1][2] Manoukian har skrive songen saman med DJ Paco, og songen vart utgjeven for digital nedlasting 14. februar 2020.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«Chains on You» skulle ha representert Armenia i Eurovision Song Contest 2020, etter at Athena Manoukian vann den armenske songtevlinga Depi Evratesil 15. februar 2020. Vinnaren av denne tevlinga får representere Armenia i Eurovision Song Contest. «Chains on You» var favoritten hos både den internasjonale jurygruppa og den armenske jurygruppa, men songen vart berre nummer tre i telefonavrøystinga.[3][4]

I januar 2020 vart Armenia trekt ut til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy torsdag 14. mai.[5] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[6] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.

Utgjevingshistorikk[endre | endre wikiteksten]

Region Dato Format Merke Ref.
Diverse 14. februar 2020 Digital nedlasting, strøyming Utgjeven på eige merke [7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Athena Manoukian has won Depi Evratesil!». 15. februar 2020. Henta 15. februar 2020. 
  2. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  3. «Armenia: Athena Manoukian wins Depi Evratesil 2020 with "Chains On You"» (på engelsk). 15. februar 2020. Henta 21. februar 2020. 
  4. Granger, Anthony (17. februar 2020). «Armenia: Full Results of Depi Evratesil Revealed» (på engelsk). Henta 21. februar 2020. 
  5. «Second Semi-Final of Rotterdam 2020». eurovision.tv. Henta 21. februar 2020. 
  6. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  7. «Chains on You - Single by Athena Manoukian on Apple Music». Apple Music. Henta 16. februar 2020.