Chameleon av Michela Pace

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Chameleon»
Song av Michela Pace
Land Malta
Språk Engelsk
Utgjeve 4. april 2019
Sjanger Pop[1]
Lengd 02:59
Selskap Spinnup
Låtskrivar(ar) Joacim Persson, Paula Winger, Borislav Milanov, Johan Alkenäs

«Chameleon» (norsk 'kameleon') er ein maltesisk popsong frå 2019 med artisten Michela Pace. Songen vart vald av den maltesiske kringkastaren PBS til det maltesiske bidraget i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. Songen og ein tilhøyrande musikkvideo vart offentleggjorde 10. mars 2019, medan den offisielle utgjevinga var 4. april 2019. Songaren Michela Pace vart vald til å representere Malta etter at ho vann den fyrste utgåva av talenttevlinga X Factor Malta. Songen «Chameleon» vart vald etter X Factor-finalen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Michela Pace framfører «Chameleon» under ei av prøvene i Tel Aviv i 2019.

Michela Pace vann den fyrste utgåva av den maltesiske utgåva av X Factor 26. januar 2019. Gjennom sigeren vart ho den maltesiske representanten i Eurovison Song Contest 2019 i Israel.[2] Songen ho skulle delta med, vart vald på eit seinare tidspunkt.

10. mars offentleggjorde kringkastaren PBS at bidraget til Michela Pace var «Chameleon», ein song skriven av Joacim Persson, Paula Winger, Borislav Milanov og Johan Alkanas. Songen og musikkvideoen vart slopne same dag på den offisielle YouTube-kanalen til Eurovision Song Contest,[3] men den kommersielle utgjevinga skjedde fyrst 4. april.[4]

Gjennom loddtrekking vart Malta trekt ut til å delta i den andre semifinalen torsdag 16. mai. Det endelege startnummeret, nummer 11, vart avgjort av produsentane i Eurovision Song Contest.[5][6] I avrøystinga vart songen blant dei ti beste i semifinalen, og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 18. mai.[7] I finalen vart «Chameleon» nummer 14 av 26 bidrag.[8]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

«Chameleon» nådde fyrsteplass på airplay-lista til den maltesiske radiokanalen Bay 89.7.[9] Før avviklinga av Eurovision Song Contest låg han òg blant dei ti øvste låtane på oddslistene til veddemålsbyråa.[10][11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Malta: Michela – Chameleon». ESCtips. 11. mars 2019. Arkivert frå originalen 19 May 2019. Henta 4 April 2019. 
  2. «Michela Pace is Malta’s X Factor winner and Eurovision hopeful». MaltaToday. 26. januar 2019. 
  3. «Michela reveals Malta’s 'Chameleon' Eurovision entry for Tel Aviv». European Broadcasting Union. 10. mars 2019. 
  4. «CHAMELEON: Here's The Team Behind Malta's 2019 Eurovision Song Contest Entry». lovinmalta. Henta 4. april 2019. 
  5. Jordan, Paul (28. januar 2019). «Eurovision 2019: Which country takes part in which Semi-Final?». European Broadcasting Union. Henta 28. januar 2019. 
  6. «Exclusive: This is the Eurovision 2019 Semi-Final running order!». European Broadcasting Union. 2. april 2019. Henta 2. april 2019. 
  7. «Second Semi-Final: Last 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». EBU. 16. mai 2019. Henta 17. mai 2019. 
  8. «Grand Final of Tel Aviv 2019». EBU. mai 2019. Henta 26. mai 2019. 
  9. «MALTA'S TOP 10». Bay 89.7. 11. mars 2019. Arkivert frå originalen |archive-url= requires |archive-date= (hjelp). Henta 4. mai 2019.  Arkivert 4. april 2019 på Wayback Machine.
  10. «Eurovision 2019 Malta: Michela Pace - "Chameleon"». Henta 4. mai 2019. 
  11. «Odds Eurovision Song Contest 2019». Henta 4. mai 2019.