Champs-Élysées

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Champs-Elysées med Triumfbogen i enden.
Champs-Elysées sett frå Triumfbogen.

Avenue des Champs-Élysées, ofte berre kalla (les) Champs-Élysées, på fransk også tidvis les Champs, er ein kjend aveny i Paris.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Champs-Élysées» (uttale IPA ʃɑ̃zeliˈze, uttale) tyder 'dei elyseiske markene' kjem frå det opne parklandskapet som tidlegare låg i området ved cours la Reine, ein veg grunnlagd av Marie av Medici. Avenyen blei til på 1600-talet, då landskapsarkitekten André Le Nôtre på vegner av Louis XIV trekte ei linje frå Palais des Tuileries til montagne du Roule, noverande Place Charles-de-Gaulle. Vegen blei kalla Grand-Cours, Grande allée du Roule og avenue du Palais des Tuileries (1680) før ein landa på Champs-Élysées.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Champs-Élysées er nesten to kilometer, og går i dag frå Place de la Concorde til Place Charles de Gaulle, der Triumfbogen står. Ein kan sjå heile avenyen på ein gong. Champs-Élysées blei aveny først i 1724.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

På den franske nasjonaldagen 14. juli held ein militærparadar med køyretøy langs avenyen og luftfartøy over. Den franske presidenten følgjer feiringa frå Place de la Concorde.

Siste etappen av Tour de France går langs Champs-Élysées.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]