Champéry

Koordinatar: 46°11′0″N 6°52′0″E / 46.18333°N 6.86667°E / 46.18333; 6.86667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Champéry
Horisonten til Champéry
Horisonten til Champéry
Kommunevåpenet til Champéry
Kommunevåpenet til Champéry


Plassering
Champéry is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton Valais
Distrikt Monthey
Språk fransk
Borgarmeister Luc Fellay
Geografi
Flatevidd
 - kommune

39,0 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

1 276
  32,7 /km²
Koordinatar 46°11′0″N 6°52′0″E / 46.18333°N 6.86667°E / 46.18333; 6.86667
Høgd over havet 1055 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 1874
Nettstad: www.champery.ch

Champéry er ein kommune i distriktet Monthey i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har 1 276 innbyggjarar (2010) og eit areal på 39 km². Kommunesenteret ligg 1055 meter over havet.

Landsbyen Champéry ligg øvst i dalen Val d'Illiez, nær grensa mot Frankrike. I aust reiser fjellet Dents du Midi seg over Champéry. I vest grensar kommunen mot Frankrike. Grensa går ved det 1 923 moh. høge fjellskardet Col de Bretolet.

Champéry var ein av dei stadene som var tidleg ute med å satse på turisme. Det første hotellet, 'Dents du Midi', vart opna i 1857. Kommunen har i dag over 100 km med skiløyper.

Verdsmeisterskapen i terrengsykling på rundbane 2011 vart avvikla i Champéry dei første dagane av september.

Champery

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]