Chan-buddhisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Chán (pinyin; tradisjonell kinesisk: 禪, forenkla kinesisk: 禅, forkorting av chánnà (禪那), av sanskrit dhyāna (som tyder 'meditasjon' eller 'meditativ tilstand') er ein kinesisk skule innan mahāyānabuddhismen. Han utvikla seg i Kina på 500-talet, og blei dominerande under dynastia Tang og Song. Etter Yuandynastiet blei chan meir eller mindre fusjonert med reint land-buddhismen.

Chan spreidde seg sørover til Vietnam som Thiền og nordover til Korea som Seon, og på 1200-talet austover til Japan som zen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]