Changestwobowie
| Changestwobowie Samlealbum av David Bowie | ||
| Språk | engelsk | |
| Utgjeve | 16. november 1981 | |
| Innspelt | 1971–1980 | |
| Sjanger | ||
| Lengd | 42:37 | |
| Selskap | RCA | |
| David Bowie-kronologi | ||
|---|---|---|
| Christiane F. (1981) |
Changestwobowie | Baal (1982)
|
| Singlar frå Changestwobowie | ||
|
||
| Meldingar | |
|---|---|
| Karakter | |
| Kjelde | Karakter |
| AllMusic | |
| The Encyclopedia of Popular Music | |
| The Rolling Stone Album Guide | |
Changestwobowie er eit samlealbum av den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut i november 1981 på RCA Records.[4] Det er ein oppfølgjar til samleplata Changesonebowie frå 1976, og tittelen og plateomslaget følgjer same formatet som det albumet.
I tillegg til utvalde singlar frå tida etter 1976, kom albumet med fem songar frå tidlegare i karrieren til Bowie, som ikkje hadde vore på Changesonebowie, inkludert «Wild Is the Wind» frå Station to Station, som vart gjeven ut på singel for å marknadsføre albumet, i lag med ein nyfilma musikkvideo for songen.[5] Albumet gjorde det ikkje like godt på salslistene som det første hadde gjort, og nådde 24. plassen[6] på UK Album Chart og 68. plassen i USA.
RCA gav ut albumet på CD i 1984, men denne gjekk raskt trekt attende, i lag med andre album av Bowie, på grunn av ein konflikt mellom Bowie og RCA. Changestwobowie vart ikkje gjeve ut på ny då Rykodisc fekk rettane til å gje ut heile Bowie-katalogen på ny i 1990. Rykodisc sette i staden saman eit nytt samlealbum kalla Changesbowie, ei utvida utgåve av Changesonebowie.
Changestwobowie kom ut i si opphavlege form på Rhino, på vinyl, CD og på digitale format den 13. april 2018.[7]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.
| Nr. | Tittel | Album | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «Aladdin Sane (1913-1938-197?)» |
| 5:10 |
| 2. | «Oh! You Pretty Things» |
| 3:13 |
| 3. | «Starman» | 4:14 | |
| 4. | «1984» |
| 3:28 |
| 5. | «Ashes to Ashes (singelutgåve)» | 3:37 | |
| Total lengd | 19:42 | ||
| Nr. | Tittel | Album | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «Sound and Vision» |
| 3:03 |
| 2. | «Fashion (singelutgåve)» |
| 3:25 |
| 3. | «Wild Is the Wind» (Dimitri Tiomkin, Ned Washington) |
| 6:03 |
| 4. | «John, I’m Only Dancing (Again)» |
| 6:59 |
| 5. | «DJ (singelutgåve)» (Bowie, Brian Eno, Carlos Alomar) |
| 3:25 |
| Total lengd | 22:55 (42:37) | ||
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Album
| År | Liste | Plassering |
|---|---|---|
| 1982 | UK Albums Chart | 24 |
| 1982 | Billboard Pop Albums | 68 |
| 1982 | Newzealandske album {RMNZ}[8] | 28 |
| 1982 | Svenske album (Sverigetopplistan)[9] | 35 |
| 2018 | Belgium Albums (Ultratop Flandern)[10] | 105 |
| 2018 | Belgium Albums (Ultratop Vallonia)[11] | 168 |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]| Organisasjon | Nivå | Dato |
|---|---|---|
| BPI – UK | Gull | 12. januar 1982 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Changestwobowie» frå Wikipedia på engelsk, den 31. august 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Thompson, Dave. «Changestwobowie – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 30. desember 2019. Henta 18. august 2021.
- ↑ Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press.
- ↑ The New Rolling Stone Album Guide. Simon & Schuster. 2004. s. 97–98.
- ↑ Pegg, Nicholas. The Complete David Bowie, p 501. Titan Books (2016)
- ↑ Pegg, Nicholas. The Complete David Bowie, s. 314–315, 501. Titan Books (2016)
- ↑
- Roberts, David (editor). The Guinness Book of British Hit Albums, p71. Guinness Publishing Ltd. 7th edition (1996). ISBN 0-85112-619-7
- ↑ «CHANGESTWO black or blue?». David Bowie Official Website. Henta 20. august 2021.
- ↑ «David Bowie - Changestwobowie (Album)». Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 1. august 2021.
- ↑ «David Bowie - Changestwobowie (Album)». Swedish Charts. Hung Medien. Henta 1. august 2021.
- ↑ «David Bowie - Changestwobowie (Album)». Ultratop.be (på nederlandsk). Hung Medien. Henta 1. august 2021.
- ↑ «David Bowie - Changestwobowie (Album)». Ultratop.be (på fransk). Hung Medien. Henta 1. august 2021.