Chantal Janzen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chantal Janzen

Fødd15. februar 1979 (45 år)
FødestadTegelen
Aktive år2002–
Verka somprogramleiar, arrangementvert, songar, teaterskodespelar, filmskodespelar
PrisarZilveren Televizier-Ster (female presenter)

Chantal Janzen (fødd 15. februar 1979) er ein nederlandsk skodespelar, musikalartist og tv-programleiar. Ho har hatt roller i nederlandske filmar som De Dominee, Volle maan og Deuce Bigalow: European Gigolo, og ho har leia Idols. Janzen spelte òg rollen som Belle i den nederlandske musikalversjonen av Skjønnheten og udyret og Jane i Tarzan. Ho starta seinare ein tv-karriere i den nederlandske kanalen AVRO der ho leia prisshowet Gouden Televizier-Ring Gala frå 2008 til 2010. I 2011 gjekk ho over til den kommersielle TV-kanalen RTL 4, der ho har leia program som Holland's Got Talent og The Voice of Holland. Janzen har vunne Televizier-Ster-prisen for beste tv-programleiar fem gongar. I 2020 skulle Janzen vore programleiar for Eurovision Song Contest frå Rotterdam i Nederland, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020.[1] I staden leia ho tevlinga i 2021.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Janzen vart fødd i Tegelen og studerte seinare ved Amsterdamse Hogeschool voor de Kunsten. Ho vart undervist i dans, i sjangrar som klassisk, moderne, jazz og stepping. Ho vart òg undervist i skodespel, song og musikal.

Janzen har spelt i ei rekkje musikalar, blant andre Crazy For You, Kunt u mij de weg naar Hamelen vertellen, mijnheer, Saturday Night Fever, 42nd Street, Skjønnheten og udyret, Tarzan og Petticoat.[3][4][5]

Janzen har òg hatt gjesteroller i tv-program som Baantjer, Intensive Care, De Band, Meiden van De Wit og Kinderen Geen Bezwaar. Ho har òg leia lottotrekninga Staatsloterij Live og nederlandske Idol. Janzen har òg spelt i ei rekkje filmar, blant andre De Dominee, Feestje, Deuce Bigalow: European Gigolo, Volle Maan, Alles is Liefde, Kicks og tv-filmen Loverboy.[6] I desember 2002 slapp ho singelen «Achter De Sterren», tittelsongen frå filmen Science Fiction.[7][8]

Janzen vann John Kraaijkamp Musical Award i 2002 i klassa «kommande talent» for rolla i Saturday Night Fever. Ho vann òg ein musikalpris i 2005 for beste skodespelar i ei birolle, for innsatsen i musikalen Crazy For You. Ho vart òg nominert til beste kvinnelege hovudrolle i 2006 for rolla som Belle i Skjønnheten og udyret, og fekk ein ny nominasjon i 2007 for rolla som Jane i musikalversjonen av Tarzan. På grunn av graviditet måtte ho mellombels tre ut av rolla frå september 2008 til april 2009. Ho vart erstatta av Bente van den Branden under permisjonen. Etter Tarzan spelte ho ei rolle i Disney Musical Sing-Along.[9]

I 2011 avslutta Janzen engasjementet sitt for den nederlandske TV-kanalen AVRO og skreiv i staden kontrakt med RTL.[10] I 2012 hadde Janzen ei rolle i tv-seriane Divorce og Goede tijden, slechte tijden.[11] I 2019 hadde ho ei lita rolle i Goede tijden, slechte tijden.[12] Janzen har òg vore programleiar for ei rekkje program, blant andre De Jongens tegen de Meisjes, Everybody Dance Now, It Takes 2, Time To Dance og The Voice of Holland.[13] Ho har òg vore programleiar for Dance Dance Dance, All Together Now og Dancing with the Stars.[14][15][16] Dei siste åra har ho òg vore jurymedlem i tv-program som Your Face Sounds Familliar, Holland's Got Talent og The Talent Project[17][18]

I 2015 og 2016 var Janzen òg programleiar for den tyske versjonen av The Voice Kids og som jurymedlem i Superkids.[19][20]

I november 2019 offentleggjorde nederlandske NPO at Janzen skulle vere programleiar for Eurovision Song Contest 2020 frå Rotterdam i Nederland saman med Edsilia Rombley og Jan Smit. Men 18. mars 2020 vart Eurovision Song Contest avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020.[1][21] I staden leia ho erstatningsshowet Eurovision: Europe Shine a Light. I 2021 fekk Janzen leia Eurovision Song Contest saman med Edisila Rombley, Jan Smit og Nikkie de Jager[2]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Film[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Rolle
2002 Volle maan Andrea
2003 Loverboy Claudia
2003 Pista! Heidi
2004 Fighting Fish Jennifer
2004 Feestje! Talita
2004 De Dominee Anna
2005 Deuce Bigalow: European Gigolo Skandinavisk pornostjerne
2007 Kicks Denise
2007 Shrek den tredje Sneeuwwitje
2007 Alles is Liefde Sarah
2007 Enchanted Giselle
2009 De Hel van '63 Dieuwke Ferwerda
2010 Nanny McPhee and the Big Bang Isabel Green
2010 Het geheim Laura Stikk
2013 Soof Bob
2014 Pak van mijn hart Julia
2017 Het verlangen Brigitte Hooijmakers

Fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

Som skodespelar

År Tittel Rolle
2002 IC Esther Goud
2003 Baantjer Julia Hendrikx
2003 De Band Inge
2005 Meiden van De Wit Wendy
2005 De Lama's Seg sjølv
2005 Samen Iris Bestevaer
2006 Kinderen geen bezwaar Seg sjølv
2007 Katja vs De Rest Seg sjølv
2010– De TV Kantine ulike roller, blant anna som:

Helga Geerhart, Barbie, Melania Trump, Mariska Bauer

2012 Goede tijden, slechte tijden Glinda
2012–2016 Divorce Sophie Schaeffer-Bax
2019– Kees & Co Coosje
2019 Goede tijden, slechte tijden Annelies de Heer

Som programleiar eller jurymedlem

År Tittel Merknad
2003 D'r op of d'r onder jurymedlem
2005–2006 Idols 3 programleiar med Martijn Krabbé
2005–2006 Staatsloterij Live programleiar med Carlo Boszhard
2006 Staatsloterij €100.000 Show programleiar med Carlo Boszhard
2006–2007 Ranking the Stars panelmedlem
2008 Chantal@AVRO.nl programleiar
2008–2010 Uitmarkt Musical Sing-Along programleiar med Frits Sissing
2008–2009 Het Pink Ribbon Gala programleiar
2008 Joseph Backstage programleiar med Renate Schutte
2008–2010 Gouden Televizier-Ring Gala programleiar
2008 Chalet Chantal programleiar
2009 Zóóó 30 programleiar med Ruben Nicolai
2008–2009 Het hofvijverconcert programleiar
2009 Wie is mijn ex? programleiar
2009 RTL Boulevard programleiar
2009 Uitreiking Gouden Loekie programleiar
2009 Mies 80! programleiar
2009-2010 Weten zij veel!? programleiar
2010 Op zoek naar Freek … met Chantal programleiar
2010 Backstage bij Petticoat dokumentar
2011-2017 De Jongens tegen de Meisjes programleiar med Tijl Beckand
2011 Zie Ze Vliegen programleiar med Carlo Boszhard, Irene Moors og Gordon
2011 Sunday Night Fever programleiar
2012 Beat the Best programleiar med Gordon
2012 Your Face Sounds Familliar jurymedlem
2013–2015 Everybody Dance Now programleiar
2013– Holland's Got Talent jurymedlem
2014 Het beste van Holland's Got Talent programleiar
2014 Beatrix, Met Hart en Ziel programleiar
2014 Billy Elliot: Van Auditie Tot Applaus programleiar
2014–2017 Chantal blijft slapen programleiar med
2014-2016 The Voice Kids programleiar med Thore Schölermann
2015 Carlo's TV Café programleiar med Carlo Boszhard
2015–2018 Dance Dance Dance programleiar med Jandino Asporaat (sesong 1–3), og med Humberto Tan (sesong 4)
2015 Superkids jurymedlem
2015–2016 Het Collectief Geheugen presenter
2016 It Takes 2 programleiar med Gordon
2017 Janzen & Van Dijk programleiar med Wendy van Dijk
2017 &Chantal programleiar
2017-heden Chantal komt werken programleiar
2018 Doe het lekker zelf programleiar
2018 Time to Dance programleiar med Jamai
2018 The Talent Project jurymedlem
2019 The World's Best jurymedlem
2019– All Together Now programleiar med Jamai Loman
2019– Chantals Pyjama Party programleiar
2019– Dancing with the Stars programleiar med Tijl Beckand
2019– The Voice of Holland programleiar med Martijn Krabbé
2020 Eurovision: Europe Shine a Light programleiar med Edsilia Rombley, Jan Smit og Nikkie de Jager
2021 Eurovision Song Contest 2021 programleiar med Edsilia Rombley, Jan Smit og Nikkie de Jager

Musikalar[endre | endre wikiteksten]

Musikal
År Musikal Rolle Merknader
2000–2001 42nd Street Lorraine Fleming / Understudy Peggy Sawyer
2001–2003 Saturday Night Fever Stephanie Mangano John Kraaijkamp Musical Award 2002 for nytt talent
2003–2004 Kunt u mij de weg naar Hamelen vertellen, mijnheer? Lidwientje Walg
2004–2005 Crazy For You Patsy / 1st understudy Polly Baker Muskalpris for beste birolle
2005–2007 Skjønnheita og Udyret Belle
2007–2009 Tarzan Jane
2010–2011 Petticoat! Patricia «Pattie» Jagersma
2011–2012 Wicked Glinda
2012–2015 Hij Gelooft in Mij Rachel Hazes

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Janzen er gift med Marco Geeratz, og paret har to barn: James, fødd i 2009; og Bobby, fødd i 2018. Geeratz har i tillegg tre barn frå eit tidlegare forhold.[9][22]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 19. mars 2020. 
  2. 2,0 2,1 «The 4 ways to make Eurovision 2021 happen» (på engelsk). 18. september 2020. Henta 19. september 2020. 
  3. «Chantal Janzen in musical Wicked» (på nederlandsk). Henta 18. september 2019. 
  4. «Liefde voor het theater lonkt weer bij Chantal Janzen» (på nederlandsk). 5. september 2019. Henta 18. september 2019. 
  5. Bartels, Bianca (10. oktober 2010). «Chantal Janzen stralend middelpunt in ’Petticoat’» (på nederlandsk). Henta 18. september 2019. 
  6. «De beste films met Chantal Janzen» (på nederlandsk). Henta 18. september 2019. 
  7. «Achter de sterren - Chantal Janzen» (på nederlandsk). Henta 18. september 2019. 
  8. «A-Film Distribution start muzieklabel A-Film Music» (på nederlandsk). 8. oktober 2002. Henta 18. september 2019. 
  9. 9,0 9,1 Wilma Nanninga (18. september 2008). «Chantal Janzen met zwangerschapsverlof» (på nederlandsk). De Telegraaf. Henta 21. desember 2010. 
  10. «RTL 4 haalt Chantal Janzen binnen» (på nederlandsk). Volkskrantpublisher. 20. januar 2011. Henta 24. januar 2011. 
  11. «Chantal Janzen zag Divorce niet zitten» (på nederlandsk). 23. februar 2013. Henta 18. september 2019. 
  12. «Chantal Janzen heeft rolletje in Goede Tijden, Slechte Tijden» (på nederlandsk). 27. mars 2019. Henta 18. september 2019. 
  13. «Chantal Janzen gaat The Voice of Holland presenteren» (på nederlandsk). 8. mars 2019. Henta 18. september 2019. 
  14. «Chantal Janzen presenteert Dance, Dance, Dance». 2. mars 2015. Henta 18. september 2019. 
  15. «Chantal Janzen presenteert nieuw seizoen Dancing with the Stars» (på nederlandsk). 9. januar 2019. Henta 18. september 2019. 
  16. «Jamai Loman en Chantal Janzen in nieuwe RTL-zangshow» (på nederlandsk). Henta 18. september 2019. 
  17. «Holland's Got Talent dumpt Patricia Paay» (på nederlandsk). Henta 18. september 2019. 
  18. «Caro, Chantal en Roel in jury Talent Project» (på nederlandsk). 20. mai 2018. Henta 18. september 2019. 
  19. «Vuurdoop voor Chantal Janzen bij Duitse Voice Kids» (på nederlandsk). Henta 18. september 2019. 
  20. «Chantal Janzen: Die neue Sat.1-Moderatorin aus Holland» (på tysk). Henta 18. september 2019. 
  21. «Exclusive: Introducing the Eurovision 2020 presenters!». EBU. 4. desember 2019. Henta 4. desember 2019. 
  22. «Chantal Janzen bevallen van zoontje Bobby» (på nederlandsk). 30. mars 2018. Henta 12. desember 2018.