Chanter Sisters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

The Chanter Sisters bestod av Irene og Doreen Chanter, to systrer som song i lag som ein duett og som korsongarar for andre. Dei gav ut ei rekkje singlar og tre album i 1970-åra.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

The Chanter Sisters, Irene and Doreen, byrja å synge i lag i ei familiegruppe kalla the Chanters i lag med fleire av brørne sine.

Systrene gjekk så vidare for seg sjølv, og spelte først inn under namnet Birds of a Feather, og så som The Chanter Sisters, og det er under sistnemnde dei fekk den einaste hitten sin på UK Singles Chart, «Sideshow», som kom ut i juli 1976 og nådde 43. plassen på lista.[1]

Systrene hadde langt større suksess som korvokalistar for andre artistar. Dei song mellom andre med Elton John, Long John Baldry, Phil Manzanera, Roxy Music, John Miles, The Secret Policeman's Ball, Van Morrison, Roger Waters, Meat Loaf, Joe Cocker og mange andre kjende namn. Dei spelte òg nokre skulejenter i skrekkfilmen Twins of Evil i 1971.

Sjølv om systrene ofte har arbeidd i lag, har Doreen vore langt meir aktiv, men systrene har fortsett å syngje i lag, mellom anna for Chris Farlowe så seint som i 2003.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Britiske singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Sideshow» / «Goodbye Charlie» – Polydor 2058 735 – 1975
  • «Band of Gold» / «Blue Jean days» – Polydor 2058 699 – 1976
  • «Halfway To Paradise» / «My love» – Polydor 2058 679 – 1976[2]
  • «Just Your Fool» / «History» – Polydor 2058 795 – 1976
  • «Na Na Hey Hey (Kiss Him Goodbye)» / «When The Lights Go Out» – Safari SAFE 3 – 1978
  • «Can't Stop Dancing» / «Back on the Road» – Safari SAFE 10 – 1978[3]

Amerikanske singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Blue Jean Days» / «Cuckoo Cuckoo» – Polydor PD 14327 – 1975

Europeiske singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Sideshow» /» Goodbye Charlie» – Polydor 2058 740 – 1976
  • «Cuckoo Cuckoo» / «Sweet Water Memory» – Polydor 2058 608 – 1976
  • «Just Your Yool» /» History» – Safari 612073 – 1976
  • «Just Your Fool» / «Talking Too Much About My Baby» – Safari 612073 – 1976
  • «Just Your Fool» / «Nashville» Polydor 2058 816 – 1976
  • «Dance dance dance» / ? – Safari 6.12169 AC – 1977
  • Can't stop dancing / ? – ?????? ????? – 1979

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 100. ISBN 1-904994-10-5. 
  2. Discogs Chanter Sisters
  3. 45cat Record Details