Chantilly
Chantilly | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Hauts-de-France | ||
Fylke | Oise | ||
![]() Chantilly | |||
Wikimedia Commons: Chantilly | |||
Chantilly er ein kommune nord i Frankrike, i departementet Oise i regionen Hauts-de-France. Ved folketeljinga i 2014 hadde han 10 861 innbyggjarar; det større byområdet har rundt 37 000.
Chantilly ligg i elvedalen til Nonette, midt i Chantilly-skogen. Historisk har Chantilly vore knytt til huset Montmorency og prinsane av Condé, som var syskenbarn av dei franske kongane.
Staden er kjend for Slottet i Chantilly, som i dag husar kunstsamlinga Musée Condé. Ved slottet finst også ein imponerande stallbygning (Grandes Écuries) frå 1700-talet som i dag huser hestemuseet Musée Vivant du Cheval. Hesteal og hesteløp har lenge vore viktige i området, og Chantilly-banen (Hippodrome de Chantilly) held mellom anna det årlege løpet Prix du Jockey Club.
Byen er også kjend for sine blonder (Chantilly-blonder) og er opphav til det franske ordet for krem, crème chantilly eller berre chantilly.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Chantilly» frå Wikipedia på fransk, og «Chantilly, Oise» frå Wikipedia på engelsk den 29. oktober 2017.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
