Charcot Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charcot Island
øy
Bilete av Charcot Island-området. Mørkegrå indikerer relativt varme område og kvitt indikerer relativt kalde område.
Land  Antarktis
Stad Antarktis
 - koordinatar 69°45′S 75°15′W / 69.750°S 75.250°W / -69.750; -75.250
Lengd 48 km
Areal 1 500 km²
Folketal 0 (2023)
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Charcot Island
69°45′S 75°15′W / 69.75°S 75.25°W / -69.75; -75.25
Charcot Island is located in Antarktis
Charcot Island (Antarktis)
Wikimedia Commons: Charcot Island

Charcot Island eller Charcot Land er ei øy i Antarktis. Ho er 48 km lang og 40 km brei og er isdekt utanom nokre fjell som trengjer gjennom isen på nordkysten. Ho ligg 58 km vest for Aleksanderøya, og kring 50 km nord for Latady Island. Øya ligg i Bellingshausenhavet. Eit landemerke på øya er Cape Byrd, det nordlegaste neset på øya.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Charcot Island vart oppdaga on 11. januar 1910 av Den franske antarktisekspedisjonen under Jean-Baptiste Charcot, som etter at mannskapet hans insisterte kalla ho Charcot Land. Han gjorde dette og hevda han æra faren, Jean-Martin Charcot, ein kjend fransk lækjar.[1] At det var ei øy vart bevist av Sir Hubert Wilkins, som fauk kring øya den 29. desember 1929.

Kollapsande isbru i 2009[endre | endre wikiteksten]

Isbrua som held Wilkins isbrem til kysten av Antarktis og Charcot Island var 28 km lang, men berre 500 brei på det smalaste. I 1950 var han 99 km lang. Ho braut sundt i april 2009 over eit område som målte 12,5 gangar 2,4 km. Isbrua kollapsa raskt og vart til hundrevis av isfjell.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Smith, Lewis (April 6, 2009). «Breakaway isbrem will reshape map of Antarktis». London: Times Online. Henta April 6, 2009.